Bøkko på andreplass
Men Håvard er ikkje heilt nøgd etter 1500-meteren i Vikingskipet.
Shani Davis vann 1500-meteren med 1.47,08 under verdscupen på skøyter i Vikingskipet sundag.
- Kjedeleg
– Eg hadde to teite vekslingar i løpet av 1500-meteren, og måtte bremse litt for ikkje å øydeleggje for Blokhouijsen og bli diska sjølv. Det er kjedeleg når det var så jamt, seier Bøkko til NRK.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han gjekk i mål på 1.47,21, og var berre 13 hundredelar bak amerikanske Davis.
Lagtempo
Russland vann både herre- og kvinneklassen i lagtempo. Herrene med tida 3.45,42. Det norske laget, med Håvard Bøkko, Håvard Lorentzen og Sverre Lunde Pettersen, vart nummer sju med 3.53,42.
Det russiske kvinnelaget vann distansen med 3.04,83. Det norske laget med Hege Bøkko, Ida Njåtun og Mari Hemmer gjekk inn til 3.09,19 og vart nummer seks.