Landsmøte-stemning heime på Fausko
Ho lada opp til landsmøtet heime på Fausko, til hausten skal ho kjempe om ein stortingsplass.
Margit Fausko har kome heim til Fausko i Hemsedal. Landsmøtet i Miljøpartiet dei Grøne (MDG) blir halde digitalt, og ikkje ein gong toppolitikarane kan møtest.
I studentbustaden på Ås er internettet ustabilt, så da var ingenting meir naturleg enn å kome seg heim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skal foreslå eit borgarråd for klima
Ho seier ho i all hovudsak er kjempenøgd med forslaget til MDGs stortingsprogram, men vil òg jobbe for nokre endringsforslag. løpet av landsmøtet får ho halde to innlegg og ein replikk. Det første innlegget skal brukast på å prate om borgarråd for klima.
– Samfunnet treng meir deltakande demokrati, særleg i møte med den gjennomgripande omstillinga me må gjennomføre for å nå klimamåla. Eit borgarråd for klima er eit tilfeldig uttrekt råd av borgarar som skal få nødvendig opplæring av klimaekspertar for å kunne foreslå klimapolitikk for landet, seier Fausko.
Ho viser til land som Frankrike og Irland som alt har innført eit slikt borgarråd. Der kjem råda ofte med meir progressiv klimapolitikk enn det regjeringa sjølv tør å ta til orde for.
– I Frankrike for eksempel ville president Macron i februar utvide ein flyplass. Det syntest borgarrådet at var ein dårleg ide, og det enda opp med at det ikkje vart noko utviding av flyplassen, seier Fausko.
På lokalt nivå har borgarråd i Grenoble bidrege til eit vedtak om å erstatte reklameskjermar i byrommet med tre.
Fausko seier at det skal vere tilfeldig kven som hamnar i eit slikt borgarråd. Det treng ikkje å vere dei mest klima-engasjerte.
– Det må vere eit poeng. Det skal vere tilfeldig, for å få ei slags forankring i folket og ei involvering av menneske som ikkje er politikarar, til å delta, diskutere og sjå løysingar.
Kva med klima-fornektarar?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er klart at klima-fornektarar kan dukke opp, og dei vil då vere ein del av diskusjonen. Det blir heldigvis færre og færre klima-fornektarar i landet, men det vil jo vere greitt i forhold til den demokratiske ideen, om også klima-fornektarar fekk plass i rådet, seier Fausko.
Klar for kamp om ein plass på Stortinget
Målet for hausten er å hamne på Stortinget. Der skal ho få norsk politikk vekk frå oljealderen og inn i fornybar-samfunnet. Fausko vil at me skal vekk frå bruk og kast samfunnet, til et samfunn der det er meir lønsamt å skape verdi med reparasjonar og betre tid, eit rikare kulturliv, meir tenestebasert økonomi, og ein økonomi som legg til rette for mest mogleg livsglede og verdiskaping, innanfor rammene av eit lågast mogleg økologisk fotavtrykk.
Korleis blir det å drive digital valkamp?
– Det må eg ærleg seie er utfordrande. Eg er mykje meir sterk når eg kan møte folk og kan prate og lytte. Me skulle gjerne hatt ein meir omreisande valkamp enn det som er mogleg fram no, seier Fausko.
Samstundes meiner ho at ein digital valkamp gir mange moglegheiter. Folk er meir til stades på digitale plattformer no enn tidlegare.
Den eine replikken ho får under landsmøtet skal ho bruke til å snakke imot norsk medlemskap i EU.
Ho synest Norge som land skal samarbeide tett med EU når det gjeld klima- og flyktningpolitikk.
– Men eit medlemskap er uforenleg med MDGs ambisiøse landbrukspolitikk. Der me vil satse på små og mellomstore bruk og gå vekk ifrå det industrialiserte jordbruket. Det er vanskeleg å få til med null toll og fri konkurranse med dei europeiske mega-farmane, seier Fausko, som toppar Buskerud MDGs stortingsliste.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ynskjer ein meir forsonande rovdyrpolitikk
Det siste innlegget sitt vil ho bruke for å fremje ein meir forsonande rovdyrpolitikk.
– For det første trur eg ikkje at det er mogleg med null konflikt mellom beitebrukarar og rovdyr, men Norge har eit stor potensial i å styrke innsatsen på førebyggande arbeid som ikkje inneber skyting.
Programforslaget til MDG seier at dei vil auke støtta til førebyggande arbeid mot tap av dyr på beite. Ho vil utvide det punktet med to delar.
Det første er at ho vil utvide det punktet slik at det inkluderer ei omstilling frå sau til storfe og mjølkegeiter i område der taps-problematikken er størst.
– Eit av tiltaka eg høyre frå bønder og rovdyrforskarar er at det er mindre sjanse for at storfe blir tatt av ulv. Det skjer framleis, men meir sjeldan. Det har vore ei omstilling inne i ulvesona, men eg vil me skal utvide den ordninga, og det inneber meir økonomiske midlar til omstilling.
Det andre er at ho vil at bønder som likevel ikkje kan nytte beiterettar på grunn av mykje rovdyr i området skal få rimeleg kompensasjon.
– Det er etterspurt eit tiltak som dempar konflikten og møter fortvilinga til bønder som ikkje lenger kan bruke enkelte beiteområde på grunn av mykje rovdyr. Det igjen fører til tap av noko med konkret pengeverdi, fortel Margit Fausko.
– Eg synest det er rimeleg at det blir kompensert for det tapet.
Artikkelen held fram under annonsen.