Nytt smittetilfelle i Gol: - Var venta
Personen har sete i karantene den siste veka.
– Tilfellet skaper såleis ikkje noko ekstra arbeid, me har god kontroll på situasjonen, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.
Det positive prøvesvaret som kom fredag var ein person som alt har sete i karantene i ei veke. Vedkommande er nærkontakt til ein annan smitta. I utgangspunktet vart personen testa måndag, men svaret kom ikkje før fredag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Den måtte køyrast på nytt på grunn av eit inkonklusivt svar, seier Thurainayagam. Når ein test er inkonklusiv betyr det at testen av ein eller anna årsak ikkje var vellykka.
– Det var eit venta positivt utslag på denne, så me har behandla tilfellet deretter, seier kommuneoverlegen.
Smittetilfellet er det sjette på to veker i Gol.
Slik er smittestatus i Hallingdal, frå måndag 22. mars til no:
Kommune | Tal på smitta |
Flå | 0 |
Nesbyen | 0 |
Gol | 2 |
Hemsedal | 8 |
Ål | 1 |
Hol | 0 |