Fekk sitt fjerde smittetilfelle på fem dagar
Det ferske tilfellet i Gol onsdag var definert som nærkontakt, og sat derfor alt i karantene.
– Dette var såleis venta, og gjer ikkje at fleire hamnar i karantene, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen onsdag kveld.
Den positive prøva har samanheng med eit smittetilfelle som kommunen fekk på bordet tysdag. Tre nærkontaktar hamna i karantene, og det er altså ein av desse som no har testa positivt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er godt ramma inn, seier Thurainayagam.
Tilfellet er det fjerde i Gol på fem dagar:
* Laurdag fekk kommunen sitt første tilfelle på over to veker. Det dreidde seg om ein person som hadde sete i karantene, men som testa positivt rett etter å ha kome ut.
* Tysdag fortalde kommuneoverlegen at eit barn på under to år hadde testa positivt etter å ha blitt lagt inn på sjukehus. Barnet er i fin form.
* Seinare tysdag kveld kom det melding om nok ein smitta. Smittekjelda er kjent, og kjem utanfrå dalen. Den smitta i Gol var definert som nærkontakt, og sat derfor alt i karantene.
* Onsdag kom altså meldinga om at ein av nærkontaktane til det siste tilfellet også var blitt smitta av koronaviruset.