Ny person smitta i Gol: - Smittekjelda er kjent
Ein person fekk bekrefta smitte av koronaviruset i Gol tysdag. Vedkommande sat alt i karantene.
– Testen vart tatt måndag, svaret kom i dag. Dette er ein person som alt var i karantene, men som utvikla symptom undervegs, fortel kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.
Han seier vidare at dei er kjent med smittekjelda.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Smitta er brakt inn utanfrå. Det er ingen relasjon til dei tidlegare lokale tilfella me har hatt, seier han.
– Har det samanheng med utbrotet på byggeplassen i Hemsedal?
– Nei. Dei personane me har i kommunen som er knytt til dette utbrotet vart testa tidlegare i dag. Hurtigtestane var negative, det er eit godt teikn. Me ventar på svar på ordinær test også. Desse vil me truleg få onsdag.
Det ferske smittetilfellet har små ringverknader i Gol. To personar er sett i ordinær karantene, éin person i ventekarantene.
– Dette er eit tilfelle me har god oversikt over, seier Thurainayagam.
Tilfellet er det andre i Gol i løpet av det siste døgnet.
Tidlegare tysdag vart det kjent at eit barn under to år har testa positivt. Sju personar er sett i karantene i samband med dette.