Har fått bekrefta smitte av det muterte viruset
Den positive koronaprøva som måndag sende 15 personar i karantene i Hemsedal har blitt undersøkt. Det er det britiske muterte viruset som er i omløp.
Kommunen fekk dette bekrefta torsdag.
Personen som er smitta er ikkje fastbuande, men tok koronaprøva i Hemsedal. Som følgje av det positive testsvaret vart 15 personar sett i karantene, blant desse to tilsette knytt til legevakta.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Situasjonen er framleis under kontroll, og alle som skal sitje i karantene gjer det. Ingen fleire har testa positivt eller blitt sjuke, seier kommuneoverlege Camilla Underland.
Det er derfor godt håp om at kommunen har fått ramma inn smittetilfellet og unngått spreiing.
Det er vinterferie og mykje folk i farta. Hemsedal har denne veka fått tre smittetilfelle, alle uavhengig av kvarandre.
Det siste kom onsdag. Også her er det sterk mistanke om det muterte viruset.
– Tilfellet er knytta til Vestre Aker, der det er eit utbrot no med sterk mistanke om det muterte viruset, seier Underland. Det er derfor all mogleg grunn til å tru at det er snakk om mutanten også når det gjeld tilfellet i Hemsedal, sa Underland til Hallingdølen onsdag kveld.
12 personar har hamna i karantene som følgje av dette tilfellet.