— Ein behageleg fjellferie
Folk strøymer til fjells, sjølv om trykket er mindre enn for eitt år sidan.
— Det er passe med folk her, seier Line Skaane frå Fredrikstad.
Saman med ektemannen Audun og borna Emelin og Sebastian brukte dei tysdagen i alpinsenteret i Nesbyen, eller Nesfjellet Alpin som det no heiter. Her smilte alpinsjef Tom Erik Finnerud om kapp med sola og melde om stor tilstrøyming.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det er full fres og berre moro.
— Me har gode rutinar med tanke på korononasituasjonen. Det er trygt og godt her, men me har droppa afterski, seier Finnerud.
Bruker skia
Familien Skaane hadde det også moro i alpinanlegget. Dei har hytte på Lyseren i Nesbyen og brukar vinterferien til å køyre på ski i alpinsenteret og gå på ski i fjellet.
— Me har ei hytte som har vore i familiens eige i 60 år. Hytta brukar me mykje, seier Line Skaane.
— Ledige senger
Vinterferien i år er ikkje på fjorårsnivå, naturleg nok. Då var det ein ferie utan alvorlege koronorestriksjonar.
— Det er bra trafikk og høg alpinfaktor, mykje bruk av hyttene og folk handlar lokalt. Men me har plass til mange fleire i utleigesengene. Både i hotell, leilegheiter og hytter er det ledig. Det er utfordrande, seier dagleg leiar i Hemsedal Turisttrafikklag, Richard Taraldsen.
Taraldsen seier at trafikken i vinterferien er som laurdagstrafikken kvar dag heile veka.
— Er du bekymra for koronasmitte?
Artikkelen held fram under annonsen.
— Ein skal alltid vere det. Men me var godt førebudd, og me har ein god dialog med kommunen og næringa. Me lener oss ikkje tilbake.
— Annleis
Taraldsen seier at det er i denne veka ein har vinterferietoppen. Neste veke blir det ein vesentleg nedgang i trafikken i Hemsedal.
— Den blir veldig annleis fordi utlendingane er borte, seier Taraldsen.
— Det er travelt og mykje folk i Gol sentrum, melder arrangement- og marknadsansvarleg Nina Lessner på Gol turistkontor.
— Behageleg
I Nesfjellet Alpin koste familie Skaane frå Fredrikstad seg.
— Om det ikkje er så mange bakkar her, er dei bra. Barnebakken er kjempebra. Det er passe med folk og bra for ein familie. Det er behageleg å vere her, seier Line Skaane.
Fekk kongeleg besøk
Fleire sperra augo opp i Nesfjellet Alpin tysdag.
Med den kongelege eskorte diskret i nærleiken prøvde kronprinsfamilien skia i alpinanlegget og koste seg utanfor varmestova i alpinsenteret. Dei vekte ikkje oppsikt på nokon måte.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Det var heilt tilfeldig at me såg dei. Dei hadde ikkje varsla på førehand at dei kom hit, seier alpinsjef Tom Erik Finnerud.
Han syntest det var både stas og hyggeleg å få eit overraskande kongeleg besøk i vinterferien. Hallingdølen var i alpinsenteret i eit anna oppdrag då kronprinsfamilien slappa av med skikøyring. Ein førespurnad om å få ta eit bilete av dei, vart høfleg, men bestemt, avslått. Kronprinsfamilien var på privat ferie og ønskte inga merksemd.