Blir fleire ladepunkt før sommaren
Sundretunet etablerer ladepunkt som skal stå klar før sommaren.
Næringsstyret i Ål kommune har løyvd inntil 200.000 kroner næringslivet i kommunen kan søke på om dei vil etablere ladepunkt. Blant dei som har kasta seg på er Sundretunet.
Etablerer ladepunkt
I samarbeid med firmaet Kople skal Sundretunet etablere ein 125 amper ladestasjon der ein kan lade to biler.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er eit ladepunkt som alle kan bruke, fortel eigar av Sundretunet, Sverre Etterlid.
Etter den siste utbygginga på Sundretunet, vart alt lagt til rette for å kunne etablere ladepunkt.
– Me har tenkt på å gjere dette i fleire år. Tanken er at folk kan lade bilen og samstundes gå på kafe eller i butikkane. Så ser me at det er eit større og større behov for desse ladepunkta fordi det blir fleire elbilar på vegane.
Han håper tiltaket fører til at fleire vel å stoppe på Sundre.
– Dette er noko som skal gagne alle, seier Etterlid.
Vann anbod for Viken
Kople er eit firma som tilbyr skreddarsydde ladeanlegg til destinasjonar, næringsbygg, butikkar, kommunar, burettslag og sameige.
Hausten 2020 vann dei eit anbod om drifta av kommunale ladarar i Viken. 28 kommunar vart med frå start og Kople overtok drifta av om lag 1300 ladepunkt. Dei resterande kommunane kan velje å gå inn i avtala utan å måtte ha eigne anbodsrundar.
No har også Ålingen kjøpesenter varsla at dei prøver å få på plass ladepunkt før sommaren. Det er ordførar Solveig Vestenfor godt fornøgd med. Då dei fyrst tok opp dette som tema i næringsstyret i fjor, vart dei usikre på korleis dei skulle kome vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Så løyvde me ein pott som næringslivet kunne søke på, noko fleire har gjort.
Inntil 25.000 kroner kan bli løyvd til kvar søkar. Ål kommune er også i gang med ein eige ladestrategi som skal opp i kommunestyret no i februar.
– Dette blir eit viktig samarbeid mellom kommunen og private aktørar. Eg fekk tilbakemeldingar frå turistar i sommar om at me ikkje var gode nok på dette med ladepunkt - og det er heilt riktig.
- Eit eventyr
Framdrifta i prosjektet er viktig og ordføraren håper dei har landa nokre fleire alternativ før sommaren. Frå kommunen si side har dei ein bilpark dei håpar kan bli del eller heilelektrisk etter kvart. Då er det viktig å ha infrastrukturen på plass, påpeiker ordføraren.
– Området rundt Tingstugu og kulturhuset må me også få eit betre tilbod til slik at alle dei som jobbar og besøker Sundre-området kan lade bilen.
I denne omgangen lagar dei ein strategi for Sundre-området, men ordføraren fortel at det er fleire aktørar utanfor som har fått støtte frå næringsstyret til å etablere såkalla «destinasjonsladarar».
– Hugs at tilbodet gjeld ut 2021, så viss nokon ønsker å søke, oppmodar eg dykkar til å gjere det. Dette er eit lite, men viktig eventyr. Frå å vere usikre på korleis me skulle kome oss vidare, til no. Difor er det fint at så mange samarbeidspartnarar har bidrege med kompetanse og vilje.