— Det er krise. Me har blødd sidan mars
Ved inngangen til mars i fjor var utestaden Off Pist på veg til sin beste sesong. Så stengde Norge.
Med dei strenge tiltaka som vart sett i verk av regjeringa og landets kommunar for å stoppe koronaviruset, vart det fullstendig stopp i trafikken for utestaden i Geilo sentrum.
— 2020 såg ut til å bli veldig bra. Men no er det krise. Me har blødd så mykje sidan mars, seier dagleg leiar Bjarte Seim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppretta Spleis
Situasjonen er så alvorleg at eigarane har vurdert framtida. Men som Seim seier:
— Me nektar å gi oss. Konkurs er ikkje eit alternativ.
Derfor er han takksam og glad for at kameraten Atle Fossgård har starta ein Spleis for dei. Off Pist er einaste utestaden i sentrum. Fossgård vil ikkje sitte stille og sjå på at den går under.
— No tek me ein runde i baren så me er sikre på at han er der når me alle skal ut og møtast att, skriv Fossgård på heimesida til den digitale innsamlingsaksjonen.
Måndag føremiddag hadde det kome inn 36.619 kroner frå 81 personar.
— Me kan berre takke for hjelpa. Alt hjelper, og me takkar alle som har bidrege, seier Seim.
Dyster statistikk
Koronakrisa har råka serveringsstader og utestader hardt. I snart eitt år har Norge levd med strenge smittevernreglar. Men reglane, som skal hindre viruset å spreie seg og hindre alvorleg sjukdom og død, fører mange bedrifter med mange arbeidsplassar mot undergang landet over.
— Me vil ikkje bli del av den statistikken, seier Seim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men skjenkestopp og opningstid til klokka 22 er berre øydeleggjande.
— Då er det nesten ingen vits å halde ope, seier Seim.
Må utvide opningstida
På toppen av dette kjem alle dei avlyste arrangementa som trekkjer tusenvis til Geilo og Hol gjennom eit heilt år. Då Norge stengde i mars i fjor, stoppa trafikken i helgar og feriar. Påska vart avlyst, det same vart store arrangement som Skarverennet. I haust var det planar om oktoberfest. Og i helga skulle det vore spark-VM.
— Me har tapt mykje omsetning, konstaterer Seim.
— Har det i det heile teke vore ein god månad sidan mars?
— Juli var god. Då var det tru på at krisa var over.
— Kva må til for at det skal gå rundt framover?
— Me treng opningstid til 24.00. Det hadde hjelpt veldig, då kjem hjula i gang att. Slik det er no, er det altfor lite føreseieleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eigarane er budde på å jobbe endå fleire gratistimar enn dei mange hundre dei alt har lagt ned. Off Pist skal overleve.
— Me kjem sterkt tilbake når dette er over, seier Seim.