Bøkko misfornøgd med NM-helga
For fyrste gong på åtte år måtte Håvard Bøkko (28) nøye seg med sølv NM.
Skøyter: Etter åtte strake laurbærkransar i all round-NM gull vart Bøkko dytta ned frå trona.
– Gjekk tungt
Favoritten Sverre Lunde Pedersen (23) frå Fana vart som venta for sterk for Håvard og tok ein suveren NM-tittel på Sørmarka Arena i Stavanger.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg forstod tidleg på 5000 meteren laurdag at det kom til å bli vanskeleg å vinne samanlagt. Det gjekk tungt, eg hadde ingen stor helg. Avstanden til Sverre vart alt for stor etter fyrste dag til å kjempe om laurbærkransen og kongepokalen. Då måtte det ha skjedd eit under sundag, oppsummerer han.
Det starta oppskriftsmessig for Håvard Bøkko då han vann 500 meteren på 36,28. Men Pedersen var berre 16 hundredelar bak og hadde full kontroll på landslagskameraten.
Avgjort laurdag
Meisterskapet vart i realiteten avgjort på 5000 meter. Sverre Lunde Pedersen gjekk eit knalløp på 6.19, 25 og utklassa både Bøkko og resten av konkurrentane i eit løp som landslagstrenar Sondre Skarli meinte var det beste han har gått.
Når Bøkko gjekk under pari og vart slått av Pedersen med over 14 sekund, var løpet køyrt. Også på 1500 meter og 10.000 meter sundag imponerte Pedersen og sikra seg ein suveren NM-tittel med tre distansesigrar. Han var 2,7 tidspoeng før Håvard Bøkko.
NM viste at dei to er i særklasse beste all round-løparane. Det var endå større avstand mellom Bøkko og bronsevinnar Sindre Henriksen.
– Måtte skje ein gong
– Korleis kjennest det å måtte gi frå seg all round-trona etter åtte strake NM-titlar?
– Det er litt kjipt, men det måtte skje ein gong. Det er greitt å bli slått av ein som er klart betre. Sverre gjekk eit kjempegodt meisterskap. Han er også veldig flink til å ta ut sitt beste både i internasjonale og nasjonale løp. Eg er ikkje like flink til å tyne ut alt kvar gong, seier Håvard Bøkko.
Veteranen frå Hovet har likevel hatt ein betre start på sesongen enn dei to føregåande.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har vore ein hektisk førjulssesong med mykje reising og mange konkurransar. No blir det godt å få nokre dagar heime og byggje opp att grunntreninga, seier han.
Neste konkurranse er all round-EM i Minsk frå 8. til 10. januar.