Tiril Sjåstad Christiansen leia Dew Tour-finalen etter andre runnet.
Tiril Sjåstad Christiansen leia Dew Tour-finalen etter andre runnet.

Slått av stjerneskotet

Tiril Sjåstad Christiansen imponerte i Dew Tour-finalen, men vart parkert av ein 13-åring frå Estland.

Freeski: Dew Tour i USA er rekna som ein av dei største konkurransane i ski- og brettverda. I helga vart veka avslutta med finalar, med to hallingar i sentrum.

Jentene skulle køyre finale laurdag kveld, norsk tid, men grunna snøvêr i Breckenridge vart finalen flytta til sundag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der var Tiril Sjåstad Christiansen og Johanne Killi dei norske deltakarane. I fyrste runnet var Tiril uheldig og mista eine skia på ein rail, men i det andre fekk ho ting til å stemme.

Med 86.00 poeng leia ho finalen med to køyrarar att på toppen. Men Christiansen kunne gjere lite då 13 år gamle Kelly Sildaru sette sitt siste run. Den estiske jenta har vore eit internettfenomen i fleire år, og var med i Dew Tour også i fjor. I år sette ho runnet sitt og gjekk heilt til topps med 90,0 poeng. Svenske Emma Dahlström som vann kvalifiseringa vart nummer tre, og Johanne Killi tok fjerdeplassen.

Tøft

I herreklassen vart det tidleg klart at dette var dagen for høge poengsummar.

Finalen gjekk sundag kveld norsk tid, med ein revansjesugen Øystein Bråten blant dei tolv finalistane. Bråten leverte, men det gjorde også konkurrentane. Gus Kenworthy vann finalen med 92,20 poeng, føre Jossi Wells og Fabian Bösch. Det skilde berre 2,20 poeng frå Bösch på tredje ned til Bråten på sjuande.

– Eg er veldig fornøgd med eigen køyring. Moro å lande det andre runnet, det er nok det reinaste eg har fått til hele veka, sa Bråten til Fri Flyt etter finalen.

For brettbroren, Gjermund, gjekk det ikkje like bra i Breckenridge. Han køyrde slopestylekvalifisering fredag, men kom ikkje til finalen. Der vart Ståle Sandbech beste norske på andreplass, berre slått av canadiske Mark McMorris.

Stjernetreff

Freeskilandslaget blir i USA for å trene før dei tek juleferie heime i Norge.

Eit av høgdepunkta på kalenderen neste år er X-Games i Oslo i slutten av februar. Over nyttår kjempar dei beste i Norge om wildcard til bigairkonkurransen der, når dei samlast i Hemsedal i samband med Norgescup i freeski.