Fekk sitt sjette smittetilfelle på tre veker
Fredag vart nok ein person bekrefta koronasmitta i Gol, men kommunen har full kontroll på situasjonen.
Den nyaste smitta er nærkontakt til eit av dei tidlegare tilfella.
– Det var såleis venta. Smitteverntiltak er alt gjennomført, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam til Hallingdølen fredag kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sidan den siste smitta alt var i karantene, utløyser den positive koronatesten ikkje noko stort smittesporingsarbeid eller ytterlegare karantene.
– Me har god kontroll, seier Thurainayagam.
Dei siste dagane har Gol fått to tilfelle av såkalla «innreisesmitte». Det betyr personar som har kome att frå utlandet, og som har testa seg ved ankomst flyplassen.
Desse har begge gått rett i karantene, og kommunen har såleis god oversikt. Gol er no oppe i seks tilfelle sidan 18. desember. I Hallingdal har totalt 46 personar blitt bekrefta smitta i same periode.