Spelte seg inn i Norway Cup-formen
Litt dempa stemning var det blant HFK-spelarane etter finalekampen i klasse gutar 19. Sundag håper dei på revansje i fjerde cuprunde av NM.
HFK-trenar Jan-Eirik Thorberg må resignert slå fast at finalen enda tap.
– De håpa på gull, men det vart sølv som i fjor. Kva tykkjer du om finalekampen?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var ein bra kamp, som me burde ha vunne. Det var synd me gav dei straffe når det stod at vel fem minutt av kampen. Å avgjera på straffekonkurranse er jo som å spela bingo. Likevel er det ein bra prestasjon å ta sølv, slik som i fjor, seier trenar Jan-Eirik Thorberg.
Spelte seg inn
Han er godt nøgd me veka på Norway Cup. Juniorlaget slo ut mange gode lag, og trenaren tykkjer laget spelte seg berre betre og betre.
– Det syner at det er nivå på det me driv med. Det beste laget møtte me i finalen. Slik sett var det ein jamn kamp, fortel Thorberg.
Positivt for klubben
Han dreg fram den gode stemning i heile HFK-gruppa.
– Å vera på slike cupar er bra for å bygge opp klubben. Me har betre tid til å prate mellom kampane og å heie kvarandre fram, seier Thorberg. Håpar på revansje
Juniorlaget til HFK er for første gong i fjerde runde i cupen. Kampen går førstkomande sundag. Då møter laget Lillestrøm på heimebane.
– Vinn me den kampen, er det minst like stort som å vinne Norway Cup. Det er også siste kampen for nokre av spelarane som har vore med i mange år, men som no skal over til andre klubbar, fortel HFK-trenaren.