Ein ny smitta i Hol - i dag vart dei første 18 vaksinane sett
Hol er no oppe i 25 smitta sidan 18. desember. Men i dag vart endeleg dei første edle vaksinedropane delt ut i kommunen.
Dei er etterlengta i Hol, som gjennom fleire rundar i 2020 fekk ei stri tørn med koronaviruset. Ikkje minst i mars, då kommunen i ein periode var den hardast råka i heile landet.
To utbrot
Også dei siste vekene har det vore meir enn nok å gjere innan helsesektoren i Hol. Rett før jul fekk dei eit utbrot som gav 13 smitta. I romjula følgde eit nytt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tysdag melder ordførar Petter Rukke om nok ein smitta. Talet på smitta sidan 18. desember er no oppe i 25.
– Den positive testen i dag var venta og er under kontroll. Det er kontroll på nærkontaktar, seier han.
Endeleg i gang
Kommune-Norge har venta lenge på å endeleg få tak i vaksine mot koronaviruset. I desse dagar startar endeleg vaksineringa landet rundt, og tidlegare i dag kunne Hallingdølen fortelje om Agnes i Nesbyen som fekk den etterlengta sprøyta i dag.
Også i Hol vart dei første dropane av vaksinen delt ut tysdag. Det skjedde ifølgje ordførar Rukke på Geilotun. I løpet av dei kommande dagane er alle kommunar i Hallingdal i gang med den første runden med vaksinering.
Det vil likevel ta noko tid å kome skikkeleg i gang - i fyrste omgang er det berre nokre få dosar som har blitt delt ut til kvar kommune. Men det er likevel venta at leveransane no vil kome på løpande band.