Helsearbeidarane i frontlinja
I ni månader har koronaviruset herja. I frontlinja i kampen mot sjukdommen har helsearbeidarane stått. Og dei står her framleis.
På Geilo legesenter har smittevernlege Peter Schiellerup, kommunelege Helge Enerstvedt, sjukepleiar Hildegunn Grøtt og avdelingsleiar for legetenesta i Hol kommune, Randi Lia Bille-Larsen, knapt hatt tid til å sjå tilbake. Koronapandemien er langt frå over. Inn i 2021 startar vaksineringa. Nye og lange arbeidsdagar ventar.
Opptakt i februar
For dei tilsette i helsesektoren i Hol har arbeidspresset tidvis vore enormt sidan mars. Helsepersonellet i førstelinetenesta har arbeidd seint og tidleg tett på den frykta sjukdommen. I januar og februar kom dei første meldingane om koronaviruset frå Kina. Utover vinteren frå skistader i Alpane. Då starta dei så smått førebuingane. Noko var på gang. Men kva? Schiellerup og Enerstvedt hugsar dette som opptakten til krisa.
Artikkelen held fram under annonsen.
— I denne perioden kom pasientar stadig med spørsmål om dei fekk lov til å reise utanlands. Eg la meg på ei streng linje, seier Enerstvedt.
— Me var klare på at me ikkje ville reist sjølve, seier Schiellerup.
26. februar var reiste Enerstvedt og Bille-Larsen ut og tok den første koronatesten i Hol. Det var i eit hyttefelt på Kikut.
— Testen var ikkje positiv, men det var første smaken på det som nærma seg. Då kunne me ikkje ane omfanget og kor raskt det utvikla seg, seier Bille-Larsen.
«Helvetesveka»
Historia vidare er kjend: Koronaviruset, truleg oppdaga første gong i Kina i november 2019, spreidde seg over heile verda i eksplosiv kraft. Då Norge gjekk inn i veke 11, var det stille før stormen. Tysdag 10. mars small det. Resten av veka eskalerte krisa dag for dag. I ettertid kjem veka til å bli hugsa for dagane då Norge stengde, ei «helvetesveke», der krisa vart meir og meir alvorleg for kvar dag som gjekk. Smittetala auka, dei første dødsfalla i Norge vart registrert. Arbeidsløyse og permitteringar prega mange bransjar. Sundag 15. mars tala kong Harald til det norske folk. Alvoret kunne ikkje understrekast klarare.
Stor dugnadsånd
I helsetenesta i Hol gjekk det døgnet rundt dei neste vekene.
— Det var ei veldig mobilisering på alle frontar. Apparatet var raskt på føtene, seier Bille-Larsen.
I løpet av dei tre neste vekene vart Hol ein av kommunane i landet som var hardast råka med flest smitta per 1000 innbyggarar. I april fekk kommunen det første, og fram til no einaste, dødsfallet i Hallingdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Då krisa råka, vart det automatisk ei dugnadsånd. Det prega våren, seier Enerstvedt.
Hildegunn Grøtt trekkjer fram ombygginga av luftvegsvakta på Geilotun som eit eksempel på korleis det vart samarbeidd på tvers av sektorar.
— Teknisk avdeling var i gang i løpet av få timar. I løpet av eitt døgn var alt bygd om. Det har vore til stor hjelp.
— Spennande og skremmande
Fagleg har pandemien utfordra alle. Ny teknologi er teke i bruk raskt.
— Me måtte ta i bruk kunnskap me berre hadde teoretisk kunnskap frå studia om. Dette er ein ny sjukdom med mange ansikt og forløp. Det er både spennande og skremmande, seier Enerstvedt.
Schiellerup trekkjer fram smittesporingsgruppas formidable innsats.
— Me hadde kontroll på dei smitta og kor det kom frå. Dei som arbeidde her er gode og nysgjerrige. Dei arbeidde 10-12 timar kvar dag.
— For å teste mange nok, bytta me også laboratorium. Det vart heilt avgjerande, seier Bille-Larsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Arbeidspresset på dei tilsette har vore stort. Og ikkje minst har informasjonsbehovet i befolkninga vore stort. Bille-Larsen hugsar måndag 16. mars då hytteforbodet var innført.
— Den dagen ringde det på alt som var her. Me fekk enormt mange telefonar.
Korona kvar dag
Fram til påske gjekk det i eitt. Spørsmålet mange stilte, var kor lenge helsearbeidarane kunne orke råkøyret. Men moralen var høg, og då det gjekk mot påsketider, roa det seg.
— Først då kunne me senke skuldrene litt, er dei samde om.
— Har det gått ein dag sidan mars de ikkje har tenkt på korona?
— Nei, svarar dei samstemte.
— Det har ikkje vore tid til å sjå tilbake. Alt skjer så fort. Stadig er det nye ting å ta omsyn til og vurdere. Akkurat no er det vaksinen, seier Schiellerup.
Rundt bordet er det semje. Det er enno ikkje tid til å tilverke alle inntrykk og erfaringar.
Artikkelen held fram under annonsen.
— 2020 kjem me til å hugse for dette. Men det har ikkje sokke inn enno.