Ål forlenger påbodet om munnbind
Kommuneoverlegane i Hallingdal bad kommunane om å halde på munnbind-påbodet nokre veker til. Det har Ål bestemt seg for å gjere.
Kommunen melder laurdag at påbodet, som i utgangspunktet berre skulle vare til og med 3. januar, er utvida med to veker.
Det betyr at fram til 17. januar skal du bruke munnbind i Ål på offentlege stader der du ikkje kan halde ein meter avstand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bakgrunnen for avgjerda er smittesituasjonen i dalen. Det er framleis ukjent smitte i regionen. Gjennom dei siste vekene har det kome mange nye smittetilfelle i Hol og Ål, pluss nokre få i Gol. Ål, Nesbyen og Flå har ikkje fått nye smitta.
Både i Hol og i Hemsedal har dei erfart å ikkje finne kjelda til enkelte smittetilfelle.