Knuste flaske i hovudet
Det har vore mykje fyll og vald i Hallingdal i påska. Politiet har hatt travle dagar med å bringe folk i arresten.
Natt til torsdag måtte politiet rykkje ut og ta med seg ein overstadig rusa person frå ein utestad i Hemsedal. Ein 20-åring frå Hordaland var ute av stand til å ta vare på seg sjølv, og vart henta av politiet og sett i fyllearrest.
Artikkelen held fram under annonsen.
Torsdag ettermiddag vart ein patrulje sendt mot Skistua i Hemsedal, etter at politiet vart tilkalla for å ta seg av ein krakilsk person. På vegen kom patruljen over ein person som hadde vore involvert i eit slagsmål. Mannen var så skadd at han måtte hentast av ambulanse.
Seinare på kvelden måtte politiet rykkje ut til ei privatadresse på Geilo, etter melding om bråk. Ein mann i 40-åra vart sett i arrest. Han vil bli tatt i avhøyr, der han også må forklare seg om vald mot ei kvinne på Geilo.
Klokka 00.30 natt til fredag måtte ambulansen rykkje ut til ein utestad i Hemsedal. Ein mann hadde fått knust ei flaske mot hovudet. Også ein politipatrulje vart sendt til staden. Offeret var ein mann i 20-åra frå Oslo. Han var ikkje interessert i å melde forholdet.