Er Rudolf for nær vegen?
Alarmen har gått for villrein nær Rv7. Men vegen vil ikkje bli stengd – iallfall ikkje før 4. januar.
28. desember fekk Norsk institutt for naturforsking (NINA) inn radiosignal som stadfesta observasjonen frå tidlegare førre veke: Ein større villreinflokk går i nærleiken av Rv7 på Hardangervidda, no berre 3–5 kilometer unna riksvegen.
Juletrafikk
– Det stemmer at det er villrein i nærleiken av vegen, sør for Halne Fjellstova, seier Knut Nylend.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han jobbar ved Statens naturoppsyn (SNO) Skinnarbu, nær Rjukan. Ingen frå SNO har vore i traktene og observert flokken, fortel han. Miljødirektoratet og Vegdirektoratet har nemleg ei avtale som gjer det uaktuelt å stengje Rv7 i perioden mellom 20. desember og 4. januar av omsyn til juletrafikken. Dermed er det førebels GPS-signal frå radiomerka simler som står for oppdateringane på kor villreinen er.
Trekk vekk?
– Dyra har hatt eit nordleg trekk inn mot Rv7 inne ved Tinnhølen-området og Halnefjorden, men det er ikkje dermed sagt at flokken er på veg nærmare vegen no enn han var 28. desember. Simla som sende ut signal då, har ikkje sendt signal i dag, tysdag. Skal eg spekulere, har ho sannsynlegvis forsvunne inn i ei av mobilmasta sine blindsoner. Er det tilfellet, er ikkje radiodyret lenger så nær riksvegen som før, seier Nylend.
– Veldig sjeldan
Frå måndag 4. januar vil representantar frå SNO reise ut i felt for å observere rørslene til villreinflokken. Er meir enn 500 dyr innan ein radius på 10 kilometer frå riksvegen, blir oppfølginga intensivert.
– Det blir spanande å sjå over nyttår om dyra framleis er der oppe, for då beveger me oss inn i perioden der det kan bli aktuelt å stengje vegen. Vegdirektoratet tek eventuelt ei slik avgjerd etter anbefaling frå Miljødirektoratet. Men det er veldig, veldig sjeldan at vegen blir stengt, seier Nylend.
Mars 2014 er faktisk første, og til no einaste, gong Rv7 har vorte stengd grunna villrein. Då var ein flokk på 2000 dyr i ferd med å krysse vegen, og trafikken vart stansa i fleire døgn.