Slik ser Asplan Viak for seg at Hemsedal kan få både ein utvida Trøymshall (f.v.) ein ny storskule (1.- 10. klasse), nye omsorgsbustader (oransje), og eit nytt helse-legesenter (t.h.) i same sentrale område. Utbygginga kan til dømes gå over to trinn, delt på tolv ulike delprosjekt.
Slik ser Asplan Viak for seg at Hemsedal kan få både ein utvida Trøymshall (f.v.) ein ny storskule (1.- 10. klasse), nye omsorgsbustader (oransje), og eit nytt helse-legesenter (t.h.) i same sentrale område. Utbygginga kan til dømes gå over to trinn, delt på tolv ulike delprosjekt.

300 millionar kr for skule og helse

Ein ny fullt oppgradert Hemsedal barne- og ungdomsskule vil truleg koste kring 130 millionar kroner. Utviding av Bygdaheimen kan kome på vel 120.

Hemsedal har vedteke å byggje ny skule i sentrum av bygda, for 1. til 10. trinn. Fordi det også er behov for utvidingar innan helse- og omsorgssektoren, som held til som næraste nabo, vurderer ein felles utbygging.

Prislappen totalt er kalkulert til 292 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har rekna på kostnader

Ein ser for seg å kunne byggje ut som tolv ulike delprosjekt. Inkludert i dette er også nye lokale til musikkskule, kyrkjestugu/aula, veg og parkeringsplassar.

Asplan Viak har vore engasjert for å presentere ein mogelegheitsstudie. Denne vart lagt fram før sommaren, og vart omtala i Hallingdølen 5. juli, men då utan at det var rekna på kostnader.

I løpet av sommaren har selskapet også kome med ein priskalkyle.

137 millionar, delt på to trinn

Det er framleis ein mogelegheitsstudie. Det betyr at det ikkje er noko som er bestemt, med unntak av vedtaket om at ein skal byggje ny sentralskule.

Denne ser Asplan Viak for seg å kunne realisere gjennom to byggjetrinn, der eit første trinn handlar om eit nybygg (68 mill.) og ombygging av eksisterande bygningsmasse (6,5 mill). Utearealet må også gjerast noko med for å kunne ta imot fleire hundre nye elevar (12,5 mill). Dermed står ein med ei rekning på kring 87 millionar kroner etter første fase.

Fase to har også med eit nybygg (43 mill.) ombygging (4 mill.), samt uteareal (3 mill.), noko som samla sett betyr eit tillegg på 50 millionar. Ei full skuleutbygging kjem dermed truleg opp i 137 millionar kroner.

Vil sjå «alt» i samanheng

Før sommaren tok kommunestyret stilling til ei sak om framtida til helsesenteret. I løpet av hausten vil ein sjå dette i samanheng med andre behov innan helse- og omsorgssektoren. Det er her Bygdaheimen kjem inn.

Også her trur Asplan Viak bygging i to fasar er smart. Første byggjetrinn (38,5 mill.) vil koste under halvparten av andre byggjetrinn (87 mill.). I praksis betyr det å byggje ut i takt med det ein ventar vil vere kommunens behov innan helsefeltet. Til saman vil ein passere 120 millionar kroner.