På rett veg med full eigedomsskatt
Høgre vil i kjent stil skrote eigedomsskatt på hus og hytter og heller auke innsparingane, men måtte bøye seg for fleirtalet i kommunestyret i Nore og Uvdal måndag.
– Me vil i alle fall jobbe med det som siktemål, legg varaordførar Nils Helge Tufto (H) til.
For eigedomsskatt på hus og hytter har dei siste åra sitte langt inne for dei fleste politikarane i Nore og Uvdal, med unntak av SV.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Pest eller kolera»
Men når alternativet er å spare 15 millionar kroner ekstra gjennom dei neste fire åra, etter å alt ha vore gjennom to rundar med innsparingsprosjekt, gjekk 19 av 23 røyster inn for å heller plusse på budsjettet med inntekter frå skatt på all fast eigedom.
Eigedomsskatten blir innført frå 2022. Inntektene i 2023 er rekna til 3,5 millionar (ein promille), mens i 2024 dobla til sju millionar kroner (to promille).
– Meir positivt enn på lenge
Kommunen begynner no å få kontroll på økonomien, etter å ha henta ut 18,5 millionar i førre innsparingsrunde og ni millionar i denne runden. Etter planen skal dei vera i mål i løpet av neste år.
Samstundes er politikarane einige om at jobben ikkje er ferdig, sjølv om det no skjer mykje positivt i kommunen.
– Mykje har endra seg, men me er framleis i ein utfordrande økonomisk situasjon. Driftsnivået må ned med tanke på kommunestorleiken. Me har ekstra inntekter som går rett inn i drifta som mange kommunar ikkje har. Både eigedomsskatt på verker og bruk frå kraftverk, sal av konsesjonskraft i tillegg til rammetilskota frå staten, seier Anne Grete Svendsen (Ap).
Spørsmål om sparing
Ap fekk fleirtal i formannskapet om å innføre ytterlegare innsparingar på 2,5 millionar kroner over fire år. Forslaget fekk også fleirtal i kommunestyret. Desse innsparingane kjem i tillegg til kommunedirektørens forslag om å spare fire millionar årleg frå 2022 til 2024.
Før røystinga ville Kåre Gunnar Bergstøl (Sp) ha svar på kvar desse pengane kjem ifrå og er tiltenkt. Han meiner det er defensivt å berre dytte det framover i tid utan å seie noko meir. Kirsten Gjestemoen Hovda (Ap) seier det handlar om å bruke mindre og at det skal vera eit signal om å ha med administrasjonen på det vidare arbeidet.
– 500.000 kroner i ytterlegare innsparingar til neste år er ikkje mykje på budsjettet. I 2022 har me sett opp meir, samstundes som me då har betre oversikt. Kanskje me kan bruke pengane på andre hald, som gir meir avkasting, forklarar ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hyttemottak, sentrumsløft og beredskapssenter
I kommunestyret gjekk fleirtalet, 16 mot sju, inn for å etablere eit mottakskontor for tilflyttarar til kommunen i samarbeid med Nore og Uvdal Næringsselskap. Målet er å hjelpe dei som vil søkje om å flytte inn på hytta. Til det er det sett av 200.000 kr til neste år.
Det er også sett av 17,5 millionar kroner til eit etterlengta og omfattande løft av Rødberg sentrum. I tillegg er planane om eit beredskapssenter løfta fram att, men under namnet fleirbrukshus. Eit forstudie er no på trappene for å finne ut kva huset kan romme. Numedal produksjon, flyktningtenesta, frivilligsentralen, psykiatri, og legevakt er nokre av dei som kan bli samla på eit slikt hus. Forstudiet skal opp i kommunestyret til hausten.
Pengar blir det også til ras og flaumsikring av større delar av kommunen, i første omgang 500.000 årleg i to år (fleirtal med 19 mot fire). Rehabilitering av brua over elva Rølv, er også skuva på frå 2022 til 2021, etter innspel frå Sp. Slik den er no er den til hinder for skogsdrift og næringsverksemd.