Dårleg skodd
Sundag ettermiddag reiste ein bil av vegen i slapseføret på Hemsedalsfjellet. Ein utanbygds bilførar i trettiåra og tre barn var involvert i ulukka. Dei vart frakta til legevakta for sjekk, men hadde berre mindre skader – blåmerke, kular og kuttskadar.
– Politiet konstaterte at mannen køyrde på sommardekk. Bilen var ikkje skodd etter føret, opplyser operasjonssentralen. Patruljen tok beslag i førarkortet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ulukka skjedde nokre kilometer aust for fylkesgrensa. Bilen hadde trilla rundt på taket.