Ein ny positiv koronatest i Ål
Torsdag vart det registrert eit nytt koronatilfelle i Ål.
– Det er ein person som er busett i kommunen. Situasjonen er under full kontroll. Me har oversikt over alle nærkontaktar, og har kontroll på dei, seier kommuneoverlege Geir Strømmen.
– Alt er avklart lokalt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilfellet har heller ikkje uløyst mykje testing. Det har ingen samanheng med saka som har vore fremme dei siste dagane, med smitte på ein tilsett ved Ål vgs.
Her hamna heile skulen i karantene, fram til svaret på i alt 43 koronatestar var klare. Dei kom fredag, og viste seg alle negative.