Erlend Dokken, HFK, går i kroppen på Lillestrøm-spelaren, som resulterer i straffespark og mål for Lillestrøm 2.
Erlend Dokken, HFK, går i kroppen på Lillestrøm-spelaren, som resulterer i straffespark og mål for Lillestrøm 2.

HFK avslutta med tap

A-laget til Hallingdal FK avslutta vårsesongen med nok eit tap på heimebane, men er ikkje nedfor av den grunn.

Fotball: Gjestane frå Lillestrøm vann kampen på Hallingmo laurdag 4–1. Kampen føyer seg inn i rekka med tap for hallingane.

Det gjer at HFK framleis står med ni poeng og ligg godt nede på tabellen i 3. divisjon etter at fotballsesongen er halvspelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mål på to straffespark

Spelarane frå Lillestrøm dominerte første omgang på Hallingmo. Dei sette 1–0 vel ti minutt ut i kampen. Likevel pakka hallingane dei godt inn i forsvar, slik at dei ikkje kom til dei store sjansane.

Lillestrøm 2 fekk straffespark etter ein spelar var felt av Erlend Dokken for HFK. Frå sidelinja er HFK-trenar Jan-Eirik Thorberg er alt anna enn nøgd, og tykkjer LSK2 får straffesparket for billig.

Få minutt etter får LSK2 nytt straffespark, og tek leiinga 3–0.

Første for HFK

Etter pause kjempar Erlend Dokken ballen i mål for HFK, til stillinga 3–1.

Slurv i eiget forsvar gjer at LSK2 aukar leiinga til 4-1, som blir sluttresultatet på Hallingmo.

Møtte eit sterkt lag

Sjukdom og skader gjer at HFK ikkje er på topp. Likevel tykkjer Thorberg at laget spelar ein god kamp.

– Kampen jamna seg ut i andre omgang. Me møtte eit godt lag og me leverer mykje positivt. Me hadde eit håp om å ta dei på førehand, men såg då dei kom at fleire av spelarane har erfaring frå Tippeligaen. Det er moro å bryne seg litt ekstra, så me deppar ikkje sjølv om me går på eit nytt tap, seier HFK-trenaren etter kampen.