Emilie Bølviken frå Nore og Uvdal spelte for Lyn jenter 17 for andre gong under Norway Cup. I fjor sikra jentene sølv, men i år gjekk dei heilt til topps og tok gull. (Arkivfoto)
Emilie Bølviken frå Nore og Uvdal spelte for Lyn jenter 17 for andre gong under Norway Cup. I fjor sikra jentene sølv, men i år gjekk dei heilt til topps og tok gull. (Arkivfoto)

Gull til Emilie og Lyn

Emilie Bølviken frå Nore og Uvdal spelte for Lyn jenter 17, som i år gjekk heilt til topps og vann finalen mot Bønes 3–0 under Norway Cup laurdag.

Frå start kom Lyn godt i gang og Oslo-laget dominerte første omgang av finalekampen mot Bønes.

To sjølvmål

Andre målet var eit sjølvmål, då ein Bønes-forsvarar ikkje klare å klarere. Regnet hølja og det sleipe underlaget spelte Bønes-forsvaret enda eit puss, for også Lyns tredje mål var sjølvmål av Bønes.

Artikkelen held fram under annonsen.

I andre omgang kom Bønes meir med i spelet, men utan at det vart fleire mål. Likevel kunne publikum gle seg over lekre finter og triks frå Lyn-spelarane.

Sikra gullet

Fulltid kunne Bølviken og Lyn endeleg sleppe jubelen laus for å ha sikra gullet i klasse jenter 17 år.

Bølviken og Lyn tok i fjor sølv under Norway Cup.