Vart hardt skadd i fyllekøyring
Aktor kravde fengsel — men retten sa nei.
Ei kvinne i 30 åra vart i staden for soning bak fengselsmurane, slik påtalemakta kravde, dømt til fengsel i 30 dagar på vilkår, i tillegg til 15.000 kroner i bot og tap av førarretten i to og eit halvt år. Vilkåret for å få ein fengselsstraff på vilkår er at ho i løpet av ti månader gjennomfører eit promilleprogram. Kvinna forklarte i retten at ho har ei historie bak seg med mykje rus.
Kvinna køyrde utfor fylkesvegen i Rukkedalen i Nesbyen tidlegare i år. Ho hadde 1,33 i promille. Ho forklarte i Hallingdal tingrett at ho mista kontrollen over bilen då ho leita etter mobiltelefonen sin. Ho vart alvorleg skadd i ulykka. Ho sa i retten at ho følte stor skam over denne hendinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nettopp fordi dette var ei alvorleg ulykke og sjåføren hadde høg promille, meinte påtalemakta at det ikkje var rett dømme henne til ein vilkårsdom. Men tingretten slår fast at ho er i målgruppa for å gjennomføre eit program mot ruspåverka køyring, eit slik program vil vere formålstenleg, meinte retten.