Starta verdscupsesongen i Stubai
Øystein Bråten og landslagskompisane køyrde slopestylefinale i Stubai laurdag.
Slopestylekonkurransen var årets fyrste, og vart gjennomført same veka som Austerrike gjekk i lockdown grunna koronapandemien. I fyrste runnet hadde torpingen ein god start, men då han bomma litt på ein rail mangla det litt på dei høgste dommarpoenga. Med 67 poeng frå fyrsterunnet som beste vart Bråten til slutt nummer 11. Christian Nummedal vart beste norske på andreplass med 91, 71 poeng.
Artikkelen held fram under annonsen.
I kvalifiseringa torsdag fekk Bråten 75.66 poeng og vart nummer fem i sitt heat. I same heatet vart Sebastian Scherve nummer to med 80 poeng. Begge berga med det finaleplass. Ferdinand Dahl fekk høgste poengsummen av dei norske med 84 poeng. Det var fem norske herreløparar i finalen. I kvinneklassen var Johanne Killi einaste norske, ho vart til slutt nummer to i konkurransen.