Vekequiz
Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.
1. Forretningsmannen Tor Ivar Slettemoen har planar på Geilo. Kva tenkjer me på?
2. Kva kommune i regionen vår har dei lågaste bukostnadene, ifølgje ei oversikt frå Huseiernes Landsforbund?
Artikkelen held fram under annonsen.
3. ... Og i kva hallingdalskommune er det dyrast å eige ein bustad?
4. ... Og berre for å ha noko å samanlikne med: Kva er årleg bukostnad om du eig bustad i Oslo, dyraste staden i landet?
5. Alle nødetatane rykte ut til ein spesiell redningsaksjon på Golsfjellet førre fredag. Kva skjedde?
6. Kva var den høgaste temperaturen som vart målt i Hallingdal i oktober i år?
7. ... Og kva var den lågaste?
8. Kva heiter Hallingdølens nye applikasjon der lesarane kan sende nyheitstips til redaksjonen?
9. Kva nettverk har Bergsjøstølen i Ål og Oset Høyfjellshotell og Golsfjell Fjellstue i Gol blitt med i?
10. Kven vann StartUpp Hallingdal, og med kva idé?
Artikkelen held fram under annonsen.
Her er svara
1. Han vil byggje eit tre-etasjar høgt leilegheitsbygg i Geilovegen, med 21 leilegheiter.
2. Hemsedal kommune, med 90.508 kroner i året.
3. Hol kommune, med 99.258 kroner i året.
4. Oslo: 165.266 kroner i året.
5. Ein turgåar gjekk seg fast ute på ei myr, og begynte å søkke. Då han vart redda stod han med myr til livet.
6. +16,2 grader i Gulsvik 5. oktober.
7. -7,3 grader i Dagali 14. oktober.
8. Tipps.
9. Norske Fjellstuer, der 17 norske fjellstover er med.
10. Ingunn Stræte frå Ål som vil byggje opp ei merkevare med garn og kortreist ull.