Bilete frå tidlegare testing i Ål.

Ny person koronasmitta i Ål: - Ingen relasjon til tidlegare tilfelle

Laurdag fekk Ål sitt 13. koronatilfelle denne hausten.

– Vedkommande vart testa hos oss fredag. Det er snakk om eit enkeltståande tilfelle, der personen er smitta utanfor Ål. Det er ingen relasjon til dei tilfella me har frå før, seier smittevernlege Marianne Lerberg til Hallingdølen.

Den smitta er no sett i isolasjon, og nærkontaktane er varsla. Dei vil bli testa over helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er berre snakk om nokre få nærkontaktar, seier Lerberg.

Smittesporingsarbeidet har med andre ord vore enkelt knytt til dette tilfellet, og situasjonen er under god kontroll.

Les også
– Hyttefolk treng ikkje proviantere i byen

Sist helg var smittesituasjonen i Ål noko uavklart, og det vart gjennomført mykje testing. Denne veka har det roa seg, og det er grunn til å tru at det ikkje kjem fleire smittetilfelle i kommunen denne helga.

– Me testa ikkje veldig mange fredag. Og det er ingen me ventar svar på som me mistenker er smitta, seier Lerberg.

I alt er 73 personar smitta i Hallingdal i haust. Dei er fordelt slik:

KommuneTal på smitta
Flå3
Nesbyen8
Gol41
Ål13
Hol2
Hemsedal 6

Fredag kom kommuneoverlegeforum i Hallingdal (KOLF) med tilråding til nye tiltak i dalen. Dette gjeld no i Ål:

* Avgrense byte av arbeidsplass innan same dag. Kommuneoverlegen kan gi råd om kombinasjon av arbeidsforhold.

* Det blir tilrådd å opne for trening og fritidsaktivitet for barn og unge (under 20 år). Aktivitet, kampar o.l. utanom eigen kommune bør ein avvente.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Breiddeidrett i grupper for vaksne blir fortsatt sett på vent.

* Svømmehallar og idrettshallar kan opnast for barn, unge og skule. Behandlingsbassenger er ope, med tilpasningar.

* Biblioteket held fortsatt ope med gode smitteverntiltak.

* Ungdomsklubb kan opne med gode smitteverntiltak.

* Kulturskule kan opne med gode smitteverntiltak.

* Frisklivsentral og aktivitet for utsette grupper kan opne med gode smitteverntiltak. Bør legge opp til gruppetrening utendørs.

* Ål Vaksenopplæring har vanleg oppmøte med godt smittevern.

* Tingstugu er fortsatt stengt for drop in og har besøkskontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
No har Gol passert 40 koronasmitta - to nye tilfelle fredag
Les også
Legane i Hallingdal anbefaler desse 21 koronatiltaka