Ny person koronasjuk i Nesbyen
Laurdag fekk Nesbyen eit smittetilfelle dei ikkje visste kjelda til. Den har dei funne no.
– Slik sett var dette bra, seier kommuneoverlege Nils Høva.
Med det positive prøvesvaret onsdag kveld kom også svaret på kor den smitta på laurdag hadde fått viruset frå.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Personen som no er bekrefta smitta har sete i karantene sidan laurdag, seier Høva.
Det går føre seg ein del testing i Nesbyen om dagen, slik det gjer i alle hallingdalskommunane. Måndag testa dei 23 personar, der alle svara kom att negative. Tysdag var talet omtrent halvert.
– Me har god testkapasitet, seier Høva.
Nesbyen er no oppe i åtte smittetilfelle. Dette er den 64. personen som er bekrefta koronasjuk i Hallingdal. Dei andre fordeler seg slik:
Flå: 3
Nesbyen: 7
Gol: 33
Ål: 12
Artikkelen held fram under annonsen.
Hemsedal: 6
Hol: 2