Knut Torpe tilbyr rideturar på 1–2 timar. Her er han på tur med tre gjester. Knut Torpe rir fremst.
Knut Torpe tilbyr rideturar på 1–2 timar. Her er han på tur med tre gjester. Knut Torpe rir fremst.

Frå Torpo til Tennessee

Knut Torpe har tatt det steget mange berre drøymer om. Han har flytta frå Torpo og til Cleveland i Tennessee for å drive med hesteriding på fulltid.

– Dette er noko eg har planlagt lenge, seier Knut Torpe. Han er heim att for sommaren for å drive med fjellriding i Torpofjella.

Det heile begynte med at han leika med ideen om å drive med riding om sommaren fjellheimen på Torpo, og i Sør-Amerika om vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du veit, det er sommar i Sør-Amerika når me har vinter, så det hadde jo passa perfekt. Men det viste seg å ikkje bli så enkelt å få til, fortel han.

Banksystemet er vanskeleg når ein ikkje er statsborgar i eit av landa der, og sjølv om han hadde meklar som skulle hjelpe han, gjekk det ikkje heilt som planlagt.

Enda opp i Cleveland

– Derimot fant eg ei flink og effektiv meklar i USA. Ho heiv seg på saka, fekk ordna med bankar som ville låne meg pengar, skaffa immigrasjonsjurist til meg, og fann fleire område som var interessante, fortset han.

Stallen til Knut Torpe er kledd med villmarkspanel.
Stallen til Knut Torpe er kledd med villmarkspanel.
Knut Torpe saman med to av gjestane han har hatt på Ocoee Horseride.
Knut Torpe saman med to av gjestane han har hatt på Ocoee Horseride.

Han enda opp med å kjøpe 200 mål utan bygningar eller veg rett utanfor Cleveland, nær Ocoee Scenic River State Park, som er både ei elv og eit naturreservat. Det ligg berre 10 min frå byen Cleveland, og 45 min frå Chattanooga.

– Ho sende meg prospekt av området og eg kjøpte det usett. Ho var nok ikkje særleg begeistra for det, smiler han, men han var svært fornøgd over at det var eit område utan korkje veg eller bygningar.

– Her kunne eg bestemme sjølv kor eg ville ha vegen eller setje opp bygg, forklarar han. Han rydda seg ein lysning og brukte eige tømmer til å setje opp ein stall.

– Hus kjem på plass etter kvart. Foreløpig leiger eg husvære inne i byen, legg han til.

Villmarkspanel

– Før eg reiste heim att i fjor sommar, gav eg beskjed til dei som skulle bygge stallen for meg, korleis eg ville ha det. Stallen skulle ha villmarkspanel. Det hadde dei ikkje høyrt om før, så eg måtte sjølv skjera opp planken og vise dei, ler Knut. Han hadde hogd i eigen skog for å få nok tømmer til stallen sin. Hestar har han kjøpt inn også.

Artikkelen held fram under annonsen.

No har han 12 hestar av rasen quarter, ein tilsett, og ein stor open stall.

– Dei som bygde stallen, måtte innrømme etterpå at det vart mykje finare enn dei hadde frykta. Dei hadde aldri sett slik måte å bruke tømmeret på, humrar han.

Turistmål

Det er mykje turistrafikk i nærleiken, noko som var avgjerande når han bestemte seg for dette område. Det er eit populært turistmål for friluftsinteresserte.

– Det er fem raftingselskap som ligg rundt der eg driv, for elva Ocoee vart gjort litt om på, til Atlanta-OL, opplyser han. Knut har fått til eit samarbeid med fleire av desse aktørane, med at kundar for eksempel kan booke rideturar direkte frå raftingsidene.

Allereie har han begynt å få faste kundar som kjem attende.

– Foreløpig har eg rideturar på ein til to timar. Men eg planlegg å få til litt lengre turar, seier han, Han har fått løyve til å ri inn i naturreservatet han grensar til.

Knut føler han har blitt godt mottatt i Cleveland og området rundt.

– Du veit, eg vart kjent med mange i byggeprosessen, og når eg skulle begynne å selje inn produktet, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under opninga av Ocoee Horseride, kom det mange frå ein komité som fremjar vekst og utvikling i området, i tillegg til dei mange interesserte.

Rydding

Han har rydda mykje skog på eigedomen sin, for å få laga beite til hestane. Det blir ein litt anna måte å drive på der borte, enn heime på Torpo.

– Det er ikkje snakk om nokon slått der, ler han, og viser til at her kan hestane gå ute å beite så å seie heile året.

– Om vinteren kan det bli ned mot minusgrader, men det er berre ei kort stund. Elles veks graset året rundt, og ein treng berre litt tilleggsfôr, informerer han.

I sommar har han hatt to store vifter gåande i taket i stallen, for no har det vore opp mot 40 varmegrader der borte.

Mange av dei kundane han har fått, har også vist stor interesse for Fjellridninga på Torpoåsen, og lurt på om dei kanskje burde melde seg på.

– Med kursen på dollaren opp mot krona no om dagen, er det absolutt mogleg å få med seg kundane hit til Torpo og, smiler han lurt.