To nye smitta i Gol: - Håpar det er i ferd med å roe seg no
Sundag vart rundt 40 personar testa i Gol. To av dei viste seg å vere positive.
Det betyr at Gol no er oppe i 33 smitta.
– Begge dei to nye tilfella var personar som alt sat i karantene. Så me føler me har god kontroll på dei, seier ordførar Herbrand Jegleim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Smittetilfella som var meldt i dag er dei første sidan fredag. Laurdag vart det ikkje gjennomført testing i Gol, mens sundagens svar kom måndag kveld.
– Eg håpar det er i ferd med å roe seg ned no. Me synest at me kan sjå det, seier ordførar Jegleim.
I løpet av måndag har 35 personar blitt testa i Gol. No kryssar kriseleiinga fingrane for at utbrotet gradvis bremsar opp.
– Me meiner å sjå tendensen til det.
Som følgje av utbrotet vart det fredag sist veke sett i verk strenge tiltak i Gol for å forsøke å bremse spreiinga mest mogleg. Blant anna vart innbyggarane bedne om å halde seg mest mogleg i ro i eigen kommune, og dei fekk beskjed om å bruke munnbind i det offentlege rom der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand.
Når det gjeld karantenesituasjonen i Gol er det ingen sektorar som no er spesielt råka. Før helga vart skulen stengt på grunn av eit smittetilfelle knytt opp mot skulesystemet, men i løpet av helga vart dette kartlagt og skulen kunne opne opp att måndag.
Slik var smittesituasjonen i Hallingdal klokka 22 måndag kveld:
Flå: 3
Artikkelen held fram under annonsen.
Nesbyen: 7
Gol: 33
Ål: 12
Hemsedal: 5
Hol: 2
Totalt 62 personar. I Nore og Uvdal er det meldt om eitt smittetilfelle.