Etter fleire år med byggeaktivitet, vart amfiet og den nye sentrumsgata opna sommaren 2013. I ettertid har det vist seg at parkeringshuset under amfiet har sige. (Arkivfoto)
Etter fleire år med byggeaktivitet, vart amfiet og den nye sentrumsgata opna sommaren 2013. I ettertid har det vist seg at parkeringshuset under amfiet har sige. (Arkivfoto)

Gågata veg for mykje

Parkeringshuset kneler under vekta av amfiet og gågata i Geilo sentrum.

Det kjem fram i ein fersk konsulentrapport frå Asplan Viak.

– På den sikre sida

Parkeringsanlegget til Amfisenteret utgjer fundamentet som gågata og amfiet kviler på. Asplan Viak avdekkjer at det er eit misforhold mellom vekta av toppdekket og det parkeringsanlegget er dimensjonert for.

Artikkelen held fram under annonsen.

På bakgrunn av rapporten er det sett opp sperringar i gågata. I løpet av neste veke kjem det på plass fleire stålstøtter under himlinga i parkeringshuset. Det er også bestemt at heile parkeringsanlegget skal stengast av.

– Me gjer dette for å vere på den sikre sida. Deler av området er sperra av fram til situasjonen er ferdig greidd ut, seier leiar på Amfisenteret, Jan Erik Solberg.

Stemna kommunen for retten

Gågata og det nye amfiet gav Geilo eit ansiktslyft. Opprustinga starta med at Geilo Eiendom AS i 2011 bygde parkeringshus under Amfisenteret. Deretter hadde Hol kommune ansvaret for å leggje toppdekke i gata. Gågata vart steinlagd og det vart bygd eit påkosta amfi på nordsida av gata.

Etter isfestivalen i 2015 måtte himlinga i parkeringshuset bli forsterka med stålstøtter. (Arkivfoto)
Etter isfestivalen i 2015 måtte himlinga i parkeringshuset bli forsterka med stålstøtter. (Arkivfoto)

Men i fjor vinter vart det oppdaga skader i konstruksjonen. Det viste seg at delar av taket i parkeringshuset hadde sige 7–8 centimeter. Det skjedde etter at Ice Music Festival bygde konsertarena i amfiet.

Geilo Eiendom AS og Hol kommune er usamde om kven som har ansvaret for fadesen. I mai skreiv Hallingdølen at Geilo Eiendom har teke ut stemning mot kommunen.

– Kjedeleg for handelsstanden

– Stålstøtter og sperringar er kortsiktige løysingar. Kva vil bli gjort på lengre sikt?

– Det er for tidleg å svare på. Me ventar på ytterlegare avklaringar om kva som kan bli løysinga på sikt, seier han.

– Får sperringane konsekvensar for sommarhandelen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er fullt mogeleg å ta seg fram til alle butikkane, men sperringane fører til at folk kanskje må gå nokre omvegar. Me har forsøkt å gjere det så smidig som råd. Men det er klart at dette er ein situasjon som er veldig kjedeleg. Det rammar alle som driv handel i Geilo sentrum, seier Solberg.