To nye smittetilfelle i Hemsedal - kommunen har sett krisestab
Hemsedal fekk sundag to positive prøvesvar på koronasmitte. Dei jobbar no intenst med smittesporing, og rundt 40 personar er sett i karantene.
– Dei to tilfella me har fått no er heilt uavhengig av kvarandre, seier kommuneoverlege Camilla Underland til Hallingdølen sundag ettermiddag.
Fleire nyheiter om koronaviruset? Sjekk vår samleside
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit avklart - eit meir krevjande
Det eine tilfellet er oversiktleg og heilt avklart. Det dreier seg om såkalla «importsmitte», smitte henta i utlandet. Vedkommande har vore i karantene heile tida, og alle nærkontaktar er varsla.
– På det andre tilfellet er me meir usikre på smitteveg. Smittesporingsgruppa har jobba godt i fleire timar no, og har kontroll på situasjonen. Men ganske mange er sett i karantene, og me kjem til å følgje opp med testing, seier Underland.
– Me har gått ganske breitt ut for å vere på den sikre sida. Det vil kome ein del avklaring dei neste dagane. Me har per no ikkje definert dette som eit utbrot, men me må følgje nøye med på utviklinga.
Ber folk følgje tiltaka
Hemsedal kommune har som følgje av situasjonen gjort som Gol, og sett krisestab. Underland understrekar kor viktig det er at innbyggarane no følgjer dei tiltaka som er sett:
• Avgrense besøk ved sjukeheimar, helseinstitusjonar og omsorgsbustader, samt føre streng oversikt over besøkande.
• Avgrense sosiale og private samankomstar til eit minimum.
• Maksimalt 10 personar skal vere samla ved private samankomstar.
• Fritidsaktivitetar og arrangement for born og unge er sett på vent dei neste 10 dagane.
Artikkelen held fram under annonsen.
•Fysiske møte, kurs og reiser i kommunal og offentleg regi bør avgrensast til eit absolutt minimum.
• Besøkskontroll ved kommunehuset.
Kan vere mykje skjult smitte
Underland har ein viktig bodskap med tanke på kor viktig det er at alle er flinke til å følgje smittevernråd og tiltak.
– Det viruset me ser i dalen no har ein form som gjer at me mistenker at det smittar veldig lett, og at det gir veldig lite symptom, seier ho.
– Sannsynlegheita for at me har skjult smitte i befolkninga er eigentleg ganske stor. Det betyr at folk må vere ekstra vare.
I morgon startar ei ny veke, og folk er tilbake på arbeidsplassane sine. Underland manar alle til å halde på dei gode smittevernråda også der, og vere like nøye som dei er heime og ute blant folk.
– Det vil minimere risikoen for å smitte kvarandre, seier ho.