Ny smitte i Nesbyen: – Me er usikre på smittekjelda
– Me vart bitte litt overraska, seier kommuneoverlege Nils Høva om det nye smittetilfellet i Nesbyen laurdag.
Med ein ny positiv koronaprøve er kommunen no oppe i sju smitta. Seks av desse sit i isolat, den siste er ute att.
Smittesporingsgruppa prøver no å kartlegge nærkontaktar til personen som vart bekrefta koronasjuk laurdag. Sju personar er alt sett i karantene.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Som følgje av dette tilfellet kjem me til å teste ein heil arbeidsplass i Nesbyen måndag, fortel Høva.
Fleire nyheiter om koronaviruset? Sjekk vår samleside
I og med at dei enno ikkje veit smittekjelda til den ferskaste sjuke, tok kommunen laurdag eit nytt grep.
– Me har no stengt sjukeheimen for besøk, seier Høva.
– Me har ein litt uoversiktleg situasjon, og kjenner at dette pustar oss litt i nakken. Me har tilsette på sjukeheimen som er i karantene.
Det foregår ikkje noko testing i Nesbyen i helga. Men aktiviteten blir tatt opp att måndag. Samstundes jobbar smittesporingsgruppa vidare med kartlegging.
Tilfellet i Nesbyen er det 58. i Hallingdal i haust. Slik var status klokka 20 laurdag kveld:
Flå: 3
Artikkelen held fram under annonsen.
Nesbyen: 7
Gol: 31
Ål: 12
Hemsedal: 3
Hol: 2
Totalt 58 personar. I Nore og Uvdal er det éin som er bekrefta smitta.