Tre nye smitta i Ål: – Folk må ikkje bli redde, men vere kloke
Fredag ettermiddag var talet på koronasjuke i Ål stige til 11 personar. Kommunen er budd på at helga kan bringe meir.
– Folk må ikkje bli redde, men dei må vere kloke, seier ordførar Solveig Vestenfor. Derfor manar kommunen no alle sine innbyggarar til å følgje dei smittevernråda og tiltaka som er sett.
To nye positive
Fredag kveld var smittetalet i Ål 11.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har fått tre nye positive svar i dag. Det eine er knytt til Sundre barnehage, seier Vestenfor.
I fleire dagar har ei avdeling ved Sundre barnehage vore i karantene. Det er førebels usikkert kva for tiltak som kjem til å gjelde over helga når det gjeld Sundre.
– Det er for tidleg å seie noko om no, seier ordføraren. Dette er den andre barnehagen i kommunen som er råka, torsdag kveld kom det melding om at Torpo barnehage er stengt ei tid framover på grunn av smitte.
Som følgje av smittesituasjonen sit det sjølvsagt også ein del i karantene. Blant anna vart fredag ein klasse ved Ål ungdomsskule bedt om å halde seg heime. Kva som skjer vidare når det gjeld denne klassen, vil bli avgjort i helga.
– Alle heimar vil bli informert, seier Vestenfor.
Held på tiltaka
Sjølv om det er Gol som er hardast råka i Hallingdal akkurat no, er smittetalet relativt raskt stigande også i Ål. Kommunen har enno ikkje sett krisestab, men har ei kriseleiing som møtast jamt. Fredag bestemte dei seg for å behalde dei seks tiltaka som hallingdalskommunane kom med for ei veke sidan:
* Berre ti personar kan vere samla i private og sosiale lag.
* Fritidsaktivitetar og arrangement for barn, unge og sårbare grupper blir stoppa.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Avgrensa besøk ved helseinstitusjonar og omsorgsbustader. Det skal førast nøye oversikt over dei besøkande.
* Skjerpe inn tiltak ved skule og barnehage.
* Fysiske møte, reiser og kurs i kommunal og offentleg regi skal avgrensast til eit minimum. Kommunen oppmodar private aktørar til å gjere det same.
* Kommunehuset blir stengt for besøkande utan avtale.
I tillegg har Ål lagt til eit punkt der dei ber folk om å unngå unødvendig reising.
– Det vil vere ein fordel for alle om ein greier halde seg mest mogleg innanfor nærområdet sitt. Me seier ikkje det ikkje er lov å reise, men me ber folk unngå det, presiserer Vestenfor.
Slik var smittesituasjonen i Hallingdal klokka 16 fredag:
Flå: 3
Artikkelen held fram under annonsen.
Nesbyen: 6
Gol: 24
Hemsedal: 3
Ål: 11
Hol: 2
Totalt 49 personar. I Nore og Uvdal er det meldt om éin smitta.