Tre nye smitta i Ål - stenger ned barnehage
– Eg kan ikkje seie at me har kontroll, seier kommuneoverlege Geir Strømmen.
Dei tre positive prøvesvara som kom i dag gjer at Ål no er oppe i åtte koronasjuke personar. Dei tre ferskaste tilfella tilhøyrer alle same husstand.
I løpet av torsdag har det blitt gjennomført ei lang, lang rekke koronatestar i Ål.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har vore massiv testing, bekreftar Strømmen.
Smittesporingsarbeidet som no foregår i kommunen er omfattande. Det er framleis slik at det finst uavklarte tilfelle i Ål, som ikkje fullt ut er kartlagt.
Som følgje av utbrotet er det mange som no sit i karantene. Torsdag vart heile Torpo barnehage sett i karantene, både tilsette og barn. Det betyr at barnehagen no er stengt.
– Alle barna og dei tilsette vil bli testa, seier Strømmen.
Det blir samstundes vurdert såkalla «raudt trafikklys» i heile barnehagesektoren i Ål. Dei siste månadene har barnehagane drive etter «gult lys», no blir det strengare restriksjonar.
– Om det blir raudt nivå, vil det bli som i vår: Kortare opningstider, mindre kohortar og strengare rutinar. Det er noko me vurderer fordi situasjonen no er under utvikling, og det er fleire ukjente faktorar, seier Strømmen.
Koronautbrotet i Hallingdal fortset å vekse. Klokka 16.00 torsdag var status på smitta slik:
Flå: 3
Artikkelen held fram under annonsen.
Nesbyen: 5
Gol: 23
Hemsedal: 3
Ål: 8
Hol: 2
Nore og Uvdal: 1