Fleire nye smitta i Gol - er oppe i 20 koronasjuke
Smitteutbrotet i Gol fortset å vekse. Onsdag vart nye tre personar bekrefta koronasmitta.
– Alle dei nye tilfella er nærkontaktar til personar som alt er smitta, seier ordførar Herbrand Jegleim til Hallingdølen onsdag kveld.
Det blir testa mange i Gol kvar einaste dag no. Tysdag var rundt 50 personar innom teststasjonen, og på ettermiddagen onsdag kom det svar på alle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tre av dei var altså positive. Gol er med det oppe i 20 smittetilfelle.
Også Ål og Nesbyen har fått nye tilfelle av koronasmitte onsdag. Les saka om Ål her og saka om Nesbyen her.
Som Hallingdølen har skrive om tidlegare, er eit større tal av tilfella knytt opp mot Nortura. Onsdag bestemte leiinga seg for å mellombels stenge anlegget, og dei tilsette er no heime i ei «sjølvpålagt» karantene.
Alle tilsette skal no gjennom koronatest, både dei som tidlegare har blitt testa og alle andre. Det betyr at det blir hektisk testaktivitet i Gol også torsdag og fredag.
Talet på smitta i Hallingdal og Nore og Uvdal fortset å auke. I heile regionen er det no 39 koronasjuke. Dei fordeler seg slik:
Flå: 3
Nesbyen: 5
Gol: 20
Artikkelen held fram under annonsen.
Hemsedal: 3
Ål: 5
Hol: 2
Nore og Uvdal: 1