Brannvesenet rykte ut til utslepp frå gassbehaldar i Kleivi
Brannvesenet rykte tysdag kveld ut til Hallingdal Renovasjon i Kleivi etter melding om utslepp frå ein gassbehaldar.
– Gassbehaldaren ligg i ein konteiner. Mannskap er no framme for å undersøke den, opplyser Harald Kleppo i søraust 110 klokka 19.45.
Konteineren står i friluft, opplyser brannvesenet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då Hallingdølen kom til staden tysdag kveld var det eit tjuetals brannmannskap på plass. Det hadde rykt ut styrkar frå både Ål og Gol.
– Me har kontroll på situasjonen, men jobbar for å uskadeleggjere behaldaren, seier Kleppo.
Brannmannskapa blir på staden til den jobben er gjort.