Vil kjempe for Hordalandsdiagonalen
Tungtransporten vil køyre over Hemsedalsfjellet sjølv om Hardangervidda blir hovudveg.
Det er Steinar Bleken, leiar i Hemsedal Venstre som meiner dette. Difor bør vegmyndigheitene satse på E134 som ein hovudveg mellom Oslo og Bergen, inkludert den omdiskuterte Hordalandsdiagonalen, ei strekkje med ny veg frå Odda i retning Bergen.
Konsekvensen vil vere at tungtransporten, som i dag i stor grad går gjennom Hallingdal, vil bli flytta dit. Mykje truleg vil også privat gjennomgangstrafikk hamne der.
Artikkelen held fram under annonsen.
Støttar E134 for å sleppe trailerar
Med E134, inkludert ny veg frå Odda mot Bergen, vil ein få den kortaste køyrelengda. Dagens kortaste er 464 km via Rv7 over Hardangervidda. Med den såkalla Hordalandsdiagonalen kan ein kome ned på 390 km på E134.
Statens vegvesen har peika på at det vil vere stor samfunnsøkonomisk nytte av å bygge Hordalandsdiagonalen, men førebels er denne delen av E134-planen tatt ut.
– Kvifor kjempar de for diagonalen i Hemsedal, Bleken?
– Med den vil meir av tungtransporten velje E134. Det skjer tvilsamt dersom Rv7 blir valt som hovudveg, fordi trass i tunnelar gjennom vidda vil vere mykje dårleg veg som står igjen vestpå. Tungtransporten vil velje R52 likevel.
– Har du støtte frå andre parti i Hemsedal om dette?
– Det har eg liten formeining om. Det er lite engasjement å spore, seier han.
– Konsentrerer oss om Rv52
Ordførar Oddvar Grøthe stadfestar at Hordalandsdiagonalen ikkje er noko heitt tema i Hemsedal.
– Det viktige for oss er å få vegen utanom dei tre sentrumsområda Ulsåk, Trøim og Tuv, seier han og seier at førsteprioritet i Hemsedal er å få hovudveg. Alt anna blir faglege detaljar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– De kjempar ikkje for å få Hordalandsdiagonalen inn i E134-planen igjen?
– Nei. Me registrerer at vegvesenet meiner kost/nytte med Hordalandsdiagonalen er større samfunnsøkonomisk, men me konsentrere oss om Rv52.
– Trur du det vil vere negative konsekvensar for Hallingdal dersom E134 får med ein diagonal direkte til Bergen?
– Trafikken på Rv7 vil nok gå noko ned. Det vil bety litt nedgang for Hallingdal. E134 vil vere ein konkurrent til Hardangervidda, men ikkje spesielt for Hemsedal.
– Kva meiner regionrådet?
– I regionrådet er ein samd om at det er ulike syn. Me ventar alle spent på ein KVU (Konseptvalutgreiing, red.merk.) for Rv52 og Rv7 som er venta å vere ferdig i september, seier Grøthe.