Ein person bekrefta koronasmitta — oppheld seg i utlandet
Nore og Uvdal har fått eit nytt tilfelle av koronasmitte. Alle nærkontaktar er sett i karantene.
Tysdag melder Nore og Uvdal kommune om at dei har fått eit bekrefta tilfelle av koronaviruset.
Det er verksett smittesporing, og alle nærkontaktar er meldt å vere i karantene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen melder at den smitta oppheld seg i utlandet, og testa positivt ved ankomst dit. Vedkommande blir dermed følgd opp av helsepersonell der.
Det nye tilfellet av koronasmitte er det første i Nore og Uvdal sidan april. Totalt er kommunen no oppe i fire bekrefta koronasjuke etter utbrotet tidleg i vår.
I Hallingdal har det vore lite koronasmitte i haust. Dei to siste tilfella kom i helga. Dei vart registrert i Hemsedal.