Taaje gjekk til HamKam: - Fyrste økta med Rekdal var brutal
Ein knapp månad før kontrakten med Kjelsås gjekk ut, signerte Jesper Taaje kontrakten som gjer han til HamKam-spelar ut neste år.
Fotball: Etter tre og ein halv sesong som andredivisjonsspelar i Kjelsås tek hemsedølen steget opp til OBOS-ligaen og blir HamKam-spelar.
Tysdag føremiddag skreiv hemsedølen under på ein avtale som går ut sesongen 2021.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei tok kontakt med meg og Kjelsås sist torsdag. I dag skreiv eg under avtala og hadde mi fyrste trening med laget. Det har skjedd fort, seier Taaje.
Han var budd på å spele ut sesongen med oslolaget, og at ein eventuell overgang til ny klubb ikkje vart aktuelt før i januar. Men så kom telefonen frå Hamar.
– Det har vore interesse tidlegare, men ikkje så konkret som dette. Eg såg ikkje heilt den her kome, men sportsdirektøren deira har følgd med på meg ei stund. Då toget kom, måtte eg berre ta sjansen og hoppe på.
Tøff trening
I sin nye klubb får han ein ikkje ukjend trenar i Kjetil Rekdal.
Mannen som har scora Noregs mest kjende straffemål, mot Brasil i 98-VM, tok over roret i hamarklubben i midten av august med klare ambisjonar om å snu skuta og berge klubben frå nedrykk. Etter kontraktsigneringa tysdag trena han med sin nye klubb.
– Fyrste treninga med Rekdal var brutal. Det var tøffare enn eg var budd på. Ei lengre økt, meir springing og frykteleg tungt. Eg var budd på at det var hardare, men ikkje så brutalt, seier Taaje og ler.
– Men det er veldig kult å spela under han. Det er berre å høyre godt etter og lære så mykje eg kan for å bli best mogleg. Fotballmessig hang eg godt med på treninga, men det er eit steg opp fysisk. Det har eg tru på at eg skal ta ganske fort.
Han meiner han har kvalitetar som kan styrke laget.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg vil bidra for å tette igjen meir bakover. Det er fyrst og fremst dei defensive kvalitetane mine som blir viktige, at eg kan kome inn og bidra med duellstyrken min.
Han går frå «fast plass» i Kjelsås, og veit han må prestere for å få speletid.
– Eg har fått inntrykk av at dei vil satse på meg, at eg skal få spela. Det er ikkje berre å kome inn og ta ein plass, men det er bra. Eg skal spela fordi eg er god nok. Om dei vil gi meg sjansen alt i kampen laurdag, så er eg klar.
Må snu
Den 1,92 høge midtstopparen frå Hemsedal har vore i Kjelsås sidan han gjekk frå HFK hausten 2016. I 2018 signerte han proffkontrakt med osloklubben, som har vore i andredivisjon heile perioden.
Taaje inngår i ei solid rekke med tidlegare kjelsås-stopparar, som har tatt steget til høgre nivå. Blant dei er Espen Garnås, som no er i Lillestrøm.
– Å forlate Kjelsås sat langt inne. Eg treivst utruleg godt i klubben, og det har vorte nokre lange netter med mykje tenking før eg tok avgjerda. Men det var ein veldig bra avtale. Det kjennest bra med ein ny kvardag som heilproff, seier han.
HamKam står med 14 poeng på 17 kampar, og ligg tredje sist på tabellen. Det er difor ikkje overraskande at dei har henta fleire forsterkingar den siste tida.
– Det er ein klubb som eigentleg høyrer heime eit nivå over der dei er no. Det er også ambisjonane. Også er det mykje entusiasme kring klubben på Hamar også, det gjer det litt ekstra kjekt. Også håpar eg at eg kan inspirere fleire heime i dalen til å satse. At dei ser at det går an.
Artikkelen held fram under annonsen.