Eventyrleg hyttesal
Koronakrisa tok ikkje levebrødet frå eigedomsmeklarane.
Rett nok bremsa salet kraftig opp i perioden 15. mars og ut april. Men i mai tok det seg kraftig opp att.
Tredobla salet
EiendomsMegler 1 Fjellmegleren sette ny rekord for sommarsal.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I Hallingdal er talet på selde eigedomar meir enn dobla samanlikna med i fjor, seier dagleg leiar Gjermund Svendsen-Rosendal.
Suverent størst auke hadde lokalkontoret i Hemsedal. Her var det ein salsvekst på 300 prosent i perioden mai til august. I år hadde dei 96 sal, mot 32 same periode i fjor.
Lokalkontora på Nes og Gol hadde nesten ei dobling i talet på sal; her var auken på kring 90 prosent. På Ål og Geilo var det kring 60 prosent fleire sal, og i Valdres var veksten kring 50 prosent.
Ketchupflaske-effekt
Frå mai til august har dei omsett eigedomar for til saman ein milliard kroner. Dette omfattar både fritidseigedomar og bustadsal i Hallingdal og Valdres.
– Tredobling i Hemsedal. Kva skuldast det?
– Sommaren er normalt ei relativt roleg tid. I år hadde me eit etterslep sidan me var stengd i april. Dette hadde sjølvsagt ein innverknad. I tillegg har det lenge stått stille lenge med hyttebygging i Hemsedal. Men når det no har kome fleire gode prosjekt i seinare tid, blir det litt ketchupflaske-effekt. Nybygg og prosjekt under bygging, utgjer over halvparten av salet i sommar, seier han.
– Over all forventning
Også hjå Privatmegleren har det vore travelt.
– Det har vore eit spesielt år. Det var stille i april, og då visste me ikkje korleis ting kom til å utvikle seg. Men det har godt over all forventning. Me sel hytter jamt gjennom heile året, men i år starta høgsesongen tidlegare enn normalt. Det har vore eit jamt trykk på fritidsmarknaden heilt sidan mai. Eg har ikkje rekna på prosentar, men salstala for sommaren ligg langt over fjoråret, seier dagleg leiar June Merete Langeland i Privatmegleren på Nesbyen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– No startar haustferien. Er du redd for at folk «handla frå seg» i sommar?
– Nei, haustferien er alltid bra. Me forventar eit trykk også i tida framover. Det ser ut til at folk vil feriere i Norge og vil putte pengane i fritidseigedomar. Me ser også at det er stor aktivitet på byggeplassane. Det går veldig unna, seier ho.