Kunst-Norge stiller på kunstweekend - fokuserer på Peder Balke
Mange kulturinstitusjonar stiller opp på Kunstweekend på Geilo 25.-27. september.
Det er fjerde året Inger Anne Vik inviterer til Kunstweekend på Vestlia Resort på Geilo. Ho arrangerer saman med The Gundersen Collection og Blomqvist.
Kulturrådet er representert med direktør Kristin Danielsen. Vidare stiller folk frå Nordic Institute of Art, KODE, Nasjonalmuseet, Munchmuseet, Norsk Industriarbeidermuseum og Blaafarveværket.
Artikkelen held fram under annonsen.
I år blir det eit spesielt blikk på Peder Balke (1804-19987). Han er ein av to nordmenn som har hatt eigen utstilling ved National Gallery i London. Den andre er Edvard Munch.
The Gundersen Collection har verdas største samling av kunst av Balke. På kunsthelga blir det også boklansering om Balkes samlingar, skriven av Knut Ljøgodt. Biletkunstnar, dramatikar og forfattar Kari Brænne er etterkomar av Balke og har eit personleg perspektiv å formidle.
Det blir ei rekkje fordrag og innslag, om norsk kunst anno 2020. Ekte og falske arbeid er også eitt tema ein vil kome inn på i løpet av helga. Av kunstnarar som stiller finn me mellom anna Sverre Malling og Vebjørn Sand.