Etter ulykka vart dei tre omkomne arbeidarane minna med blomar og lys i vegen.
Etter ulykka vart dei tre omkomne arbeidarane minna med blomar og lys i vegen.

Starta i boret

Etterforskarane legg til grunn at ulykka ved Geilo skjedde då dynamitt inne i tuppen av ein borestreng eksploderte.

Borestrengen sat montert på ein borerigg som for eigen maskin flyttar seg rundt frå det eine boreholet til det neste. Detonasjonen i borestonga førte til at den revna, og at splintar så trefte ei større mengde dynamitt som låg på bakken og slik løyste ut ein større eksplosjon.

For å skjøne det som er klarlagt av forløpet i tragedien må ein ha med seg at boret (borestrengen) som blir nytta ved fjellboring er holt innvendig. Holet blir kalla for spylerøyret og fraktar trykkluft ned i boreholet og ut i dette gjennom hol i borekrona nederst på strengen. Denne lufta driv sundmale steinstøv opp frå boreholet, på utsida av boret, etter kvart som boringa går nedover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Usikre

– Granskinga vår syner at eksplosjonen har skjedd nederst i borestrengen/borekrona. Me er usikre på kvifor det har kome dynamitt inn her. Me veit ikkje sikkert, men det kan ikkje utelukkast at borestrengen kan ha vorte nytta til å dytte dynamitt ned i boreholet og at det slik har kome dynamitt inn i hola nederst på borestrengen. Det seier politiadvokat Hildegunn Teigen i Sør-Øst politidistrikt til Hallingdølen.

Ho opplyser at granskinga syner at eksplosjonen skjedde oppe på bakken. Kva som førte til detonasjonen, er ikkje klarlagt.

– Det er uklart korleis dette har skjedd. Men eksplosjonen i borestrengen førte til at denne revna, og at splintar frå den trefte ei større mengde dynamitt som låg på bakken.

Gransking

I tillegg til undersøkingar på åstaden og avhøyr av vitne har ei rekke instansar vore med på granskinga. Både Kripos, politiets bombegruppe og Direktoratet for Samfunnssikkerhet (DSB) og Beredskap har vore involvert.

Politiet har også sett på rutinane i firmaet som stod for sprengingsarbeidet.

– Det er ikkje avdekt feil eller manglar i føretaket som har hatt betydning for ulykka. Me har difor kome til at det ikkje er grunnlag for å gi foretakstraff, fortel Hildegunn Teigen.

Politiadvokaten reknar med at DSB og andre faginstansar vil spreie kunnskapen frå ulykka ut i fagmiljøa som er involvert.