- Kryssar fingrane for at det kjem mange forslag
Oppmøtet var godt og engasjementet stort då Nesbyen kommune inviterte ungdom til Elveparken. Og ungdommane er fornøgde med å bli høyrt.
Midt i folkemengda onsdag: Noah Wisløff og Are Noreng. I sommar gjekk dei ut i Hallingdølen og etterlyste møteplassar for ungdommen. På grunn av koronapandemien er ungdomsklubben på Mortensløkka stengd. I tillegg har kjøpesenteret varsla at dei ikkje ønskjer at ungdom «heng» der. Og ungdommane hadde ein klar bodskap til vaksne som klaga.
- Prat med oss, ikkje til oss.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Berre positivt
Ordførar Tore Haraldset tok dei på ordet. Onsdag inviterte kommunen til møte i Elveparken saman med tilsette, politikarar frå alle parti og representantar frå frivillige lag.
– Fornøgd med responsen på utspelet?
– Ja, dette er bra. No håpar eg berre det blir resultat av dette. Eg kryssar fingrane for at det kjem mange innspel, seier Are.
– Korleis har reaksjonane vore på intervjuet i avisa i sommar?
– Mange har sett det. Det har berre vore positivt.
Haraldset hadde ein klar bodskap før møtet:
– Me skal lytte. I dag er det ungdommen som skal prate. No har de moglegheita.
Saknar ungdomsklubben
Blant dei som var på plass for å høyre på og diskutere tiltak var niandeklassingane Marcus Andersen, Amanda Cahrausah, Marius Engelstad, Torje Vestheim og Steffen Eriksen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Å møte vaksne på denne måten er bra. No høyrer dei på oss og får høyre vår meining. Og me får ta opp saker som handlar om oss.
Ved sida av dei stod ei tavle der ungdommane kunne klistre opp sine forslag. Og det var det mange som gjorde.
– Kva saknar de?
– Akkurat no er det ungdomsklubben. Det er der me er mest, særleg fredagar. Her kan me kjøpe godteri, det er diskotek og datarom.
Eit godt oppvekstmiljø
– Korleis er det å vekse opp i Nesbyen i dag?
– Det er bra. Me er fornøgde med bygda, og me føler det er eit godt miljø her, seier ungdommane.
Akkurat det er politikontakt Pål K. Mikkelrud samd i. Saman med assisterande politidirektør Håkon Skulstad, som ønskte å vere med ute i felten i Hallingdal denne veka, gjekk han rundt og prata med mange unge nesningar.
– Mitt inntrykk er at det står bra til og at ungdomsmiljøet er godt. Det vil alltid vere småting, men det vil det alltid vere.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Viktig at ungdom får møte dei som styrer bygda slik?
– Ja, dette viser at dei tek det på alvor. Dette er eit samspel mellom alle.
Men, seier Mikkelrud:
– Det er enkelt å arrangere møte. Det er no jobben startar.