250 lag klare for tøff moro
To og to skal dei saman på under seks timar klare så mange som mogleg av dei seksti postane.
Hemsedal Aim Challenge lokkar med at dei er ei multisporttevling som passar for alle. Men det er ikkje tvil om at den spesielle hinderløypa er krevjande. Lag på to og to personar skal på under seks timar innom så mange som mogleg av seksti utplasserte postar. Det varierer kor mykje poeng dei får etter kor vanskeleg posten er.
Mange av postane kan du nå med sykkel, andre krev at deltakarane må springe, klatre, svømme, balansere eller padle. Men tevlinga er for både elite og mosjonistar. Her ligg mykje av løyndomen i å leggje opp ei god rute.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ei artig tevling, forsikrar Lisa Marika Nordlind i Hemsedal Aim Challenge.
Du treng ikkje øve på førehand, på kvar post står det mannskap som kan forklare oppgåva.
Nordlind ventar heile 250 lag til start i Hemsedal laurdag.