Hallingdølen fekk vere med då Tobias Putner (driftsansvarleg i Hemsedal Skisenter) og Johan Müller (utleigar av Mountain Carts) prøvekøyrde årets sommarnyheit på opplevingsfronten nyleg.
Hallingdølen fekk vere med då Tobias Putner (driftsansvarleg i Hemsedal Skisenter) og Johan Müller (utleigar av Mountain Carts) prøvekøyrde årets sommarnyheit på opplevingsfronten nyleg.

Tilbyr fartsfylt moro

Store ungar og leikne vaksne har fått ein ny farts­fylt aktivitet å drive med i Hemsedal i sommar.

Det er framleis vandring og fjellturar som er den store sommaraktiviteten i Hemsedal, men i år vil ein morosam «nedtur» bli ein opptur for mange.

Mountain cart, ein olabil på tre hjul ned bakkane i Hemsedal skisenter, er årets nyheit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Først ut i Norge

Hemsedølene er først ut i Norge og nummer to i Skandinavia som satsar på tilbodet.

Etter ein tur med stolheisen Hollvin Express til toppen av Hemsedal Skisenter kan du lene deg tilbake i setet og setje utfor så fort du sjølv vågar i ei tilrettelagt løype på fire kilometer.

Då Hallingdølen fekk prøvekøyre (sjå video) var tilbodet så nytt at vegen ikkje var heilt ferdig opparbeidd. Humper i vegen bidreg uansett til at maksfarten aldri blir for stor. Ein tur tek gjerne tre kvarter.

Utvidar sommartilbodet

Det er Johan Müller som tilbyr doningane, som eit supplement til sykkelutleige.

– Ein må prøve å finne aktivitetar som styrkar sommartilbodet, seier han.

Sjølv om downhill-sykling har vore jamt aukande dei siste åra, er bratt-sykling enno ikkje blitt allemannseige. Det skortar framleis på «familievennlege» løypeprofilar.

Med 15 mountain carts er derimot lista lagt slik at «alle» kan prøve seg. Førebels er 140 cm eller 9–10 år sett som ei nedre grense, av sikkerheitsomsyn.

Eitt av mange tilbod

Satsinga er drive fram i samarbeid av Hemsedal turisttrafikklag og Müller. Fylkeskommunen har spytta inn 350.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette kan bli ein kjempehit, som ein av mange aktivitetar, seier Richard Taraldsen, dagleg leiar i turisttrafikklaget. Det blir stadig jobba med å forbetre vandreproduktet, både med skilting og utbetring av stigar. Eit prosjekt for å utbetre den populære Skogshorn-stigen er i gang, men ein er førebels berre i planleggingsfasen.

Som Hallingdølen omtala 2. juni er det planar om å opne ein klatrepark på ei øy i Hemsil nær sentrum neste sommar. I samband med denne er det også ambisjonar om zipline.

– Det handlar om å løfte sommarproduktet, seier Taraldsen.

Hemsedal Skisenter har kring 600.000 skidagar gjennom fem vintermånader. Det betyr i snitt 4000 kvar dag.

Med carts og sykkel kan på det meste 70 personar vere i bakken på same tid. Det er med andre ord eit stykkje igjen før sommartrafikken er på nivå med alpinproduktet. Men før det blir cart-kø kan ein gle seg over ein fartsfylt nedtur.