Utan ressursar til gransking
To tilfelle der vogntog mista tilhengaren på Rv52 fekk havarikommisjonen til å fatte interesse. Ressursmangel set ein stoppar for vidare arbeid.
Avdelingsdirektør Rolf Mellum i Statens havarikommisjon for transport (SHT) sa til Hallingdølen 4. oktober at SHT kunne vere interessert i å sjå nærare på trailer-hendingane. No viser det seg at ressursmangel set eit stoppar for det.
– Det er litt leitt å måtte si at me kanskje må vente på den store smellen, men me har ikkje ressursar til å sjå meir på dette no, seier Mellum til Hallingdølen, ein månad seinare.
Artikkelen held fram under annonsen.
For tida arbeider kommisjonen med seks dødsulykker i trafikken. Den eldste er ei møteulykke i Søgne i Vest-Agder frå 2010. Den siste, ei møteulykke på Elverum i juni i år. Dei aktuelle hendingane i Hallingdal har til no vore utan at liv har gått tapt.
n 21. september losna ein tilhengar frå trekkvogna på ein semitrailer på Rv52 ved Spildra i Gol. Ei kvinne i 60-åra frå Ringerike vart alvorleg, men ikkje livstrugande skadd.
n 17. oktober skjedde det same igjen. Ein tilhengar frå ein annan semitrailer losna, om lag på same staden. Denne gongen vart ingen skadd.
Det spesielle er likevel at tilhengarane i båe tilfella losna i fart, og om lag på same staden. Landet rundt viser det seg at liknande episodar har skjedd. I 2010 skjedde det på Fv170 ved Harkerud i Aurskog-Høland. I januar i år på E39 ved Giskemo i Ørskog. Og i mars, på E6 i Malvik. Patentet med tilhengarar festa på ei svingskive ser ut til å vere gjennomgåande.
Mellum antyda overfor Hallingdølen at hendingane kunne vore interessante som «temaforsking», altså at ein såg på fleire saker i samanheng. Dette er no diskutert i kommisjonen, men ein er førebels ikkje klar for setje i verk vidare undersøking av dette.
– Men me føljer med, og er merksame på problemstillinga, opplyser Mellum.