Hemsedalsfjellet, Hardangervidda og Hol-Aurland er open onsdag føremiddag.
Hemsedalsfjellet, Hardangervidda og Hol-Aurland er open onsdag føremiddag.

Alle fjellovergangane opne

Rv52 Hemsedalsfjellet, Rv7 Hardangervidda og Fv50 Hol-Aurland er open.

Alle tre fjellovergangane var stengde tredje juledag.

Etter kvart opna Rv52 Hemsedalsfjellet for kolonnekøyring, og utpå tysdagskvelden opna vegen for fri ferdsel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag morgon var det vekslande bart og isdekke over Hemsedalsfjellet.

På Rv7 over Hardangervidda var det onsdag morgon meldt om snø- og isdekke oglaber bris.

Også Fv50 Hol-Aurland opna att onsdag.

Fyrste del av romjula har vore prega av mykje vind og vêr, og stengde fjellovergangar. Det vart målt orkan både på Hardangervidda og Golsfjellet i helga.

Onsdag er det meldt skiftande bris, sludd og snø, men elles lettare vêr.

Fredag og laurdag blir det kaldare enn det har vore så langt i romjula.

I Hallingdal er det til dømes meldt 14–16 minusgrader på nyttårsaftan, laurdag. Men frå sundag blir det noko mildare att.