Fann vinnaroppskrifta
Tre år har gått sidan Ane S. Kvittingen sist stod på pallen. I helga tok ho første- og andreplass i Norgescup i skiskyting på Geilo.
SKISKYTING: Sesongopninga på Sjusjøen førre helg sa liksom alt: Nummer 52 og 33 og altfor mange strafferundar. Ein heilsvart sesongopning for Ane Sandaker Kvittingen frå Geilo.
Vil slå til
«Kvifor heldt eg på med dette?» spurde skiskyttaren seg sjølv. Tre år hadde gått sidan siste skikkeleg gode renn med pallplass. Fjorårets utfordringar med sjukdom var gløymt, samarbeidet med NTG var godt i gjenge – ho satsar på eiga hand utan lag. Eigentleg burde det vel snart kunne klaffe?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Inst inne har eg alltid hatt trua på at eg kan få det til, og eg føler ikkje at eg har fått vist det eg er god for. Det er difor eg heldt på, seier Kvittingen.
Satsar mot Europa
Under Norgescup i skiskyting på heimebane i helga, sat forma endeleg slik ho skulle. Laurdag tok Kvittingen førsteplass på 3 x 2,5 km sprint, og på 4 x 2,5 km fellesstart sundag gjekk ho inn til ein andreplass bak Hilde Fenne, Voss SSL.
– Det er veldig moro å få det til no i helga, sjølv med tre bom på siste i dag, seier ein nøgd Kvittingen til Hallingdølen etter målgang sundag. – Eg satsar ut og ønskjer å gå Europacup, men eg tek eitt renn av gangen.
Bakvendtdag
Vinnar av fellesstarten for kvinner sundag, Hilde Fenne, signerte eit renn litt utanom det vanlege.
– I dag var det veldig mykje som ikkje var bra. Då starten gjekk hadde sluttstykket på geværet frose fast. Det var visst været for det i dag. Eg fekk hjelp til å ordne det på første skyting. Og med 12 bom kan eg jo slett ikkje vere nøgd. Men så fekk eg sigeren, så då må eg vere nøgd likevel, seier den tidlegare juniornorgesmeisteren i langrenn frå Voss.
Spurtoppgjer
Under herrane sin fellesstart sundag vart det spurtoppgjer. I kamp med Andreas Dahlø Wærnes, Trondhjems Skiskyttere, trakk Vetle Sjåstad Christiansen det lengste strået på heimebane.
– Det starta litt dårleg i dag med to bom, så eg måtte gå på litt i sporet, seier Christiansen etter målgang.
Geilingen fortel om ein krevjande dag i løyper tunge av nysnø.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og han kom fort bak meg på slutten, seier han, og viser til Wærnes, – men eg hadde litt å gå på. Eg hadde trua på at eg skulle ta han i spurt. Å gå ein hard 15 km under tøffe høve i dag, er god trening. Det er og veldig moro å gå på heimebane. Det er ikkje så ofte eg får gjort det lenger, seier Christiansen.
Pål Kristian Grue Tufte, Geilo IL, gjekk inn til ein 6.-plass sundag, 01:08,4 bak Christiansen.